Hopp til innhold

Bur seg på kjemperekning etter tunnelbrann

Kjempesmellen i Skatestraumtunnelen kan svi for fylkeskommunen økonomisk. Skadane i tunnelen er svært omfattande etter at over 16 tonn med bensin gjekk i lufta.

Ein alvorstynga Arnstein Menes som settefylkesordførar

KVIR SEG: Leiar i hovudutval for samferdsle, Arnstein Menes (Sp), er uroa for rekninga etter ulukka i Skatestraumtunnelen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Leiar i hovudutval for samferdsle Arnstein Menes frå Senterpartiet fryktar at rekninga blir så stor at andre prosjekt må vente.

– Eg er uroa for ei slik rekning. Vi veit at det er kostbare ting i tunnelen, så vi får sjå kva resultatet blir, seier han.

Kan påverke andre vegprosjekt

Samferdslepolitikaren kvir seg til at rekninga frå tunnelsmellen under Skatestraumen kjem på bordet. Enno er det uklart kor stor rekninga blir, og når den skal betalast.

Men fylkeskommunen har tøffe innsparingskrav hengande over seg, og økonomiske smellar er det siste den treng.

Det kan gå månader før dei omfattande skadane er ferdig reparert, i tillegg kjem kostnaden for nødferja mellom Smørhamn og Kjelkenes.

– I det store spelet har vi berre ein viss sum med pengar, og det er klart at dette kan påverke andre prosjekt, seier Menes.

Spente på rekninga

Velaug Veum

UVENTA KOSTNAD: Fylkesdirektør for samferdsle, Velaug Veum, hevdar det blir ei stor utfordring og ein prioriteringsjobb for politikarane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fylkesdirektør for samferdsle Velaug Veum seier fylkeskommunen ikkje er forsikra mot slike skader, det er også uklart om det er pengar å hente frå ansvarsforsikringa til vogntoget. No er dei spente på rekninga

– Dette er ein uventa kostnad. Det ligg ikkje inne i våre budsjett at noko slikt skal skje. I desse tider når vi skal redusere budsjetta våre i samband med endringar i det nye inntektssystemet, så blir det ei utfordring og ein prioriteringsjobb for politikarane, fortel Veum.

Kan det vere fare for at dette går utover andre veginvesteringar?

– Vi har ein viss sum med pengar og den skal rekke til alle dei prosjekta vi har. Det er klart at dette vil skyve på andre ting.

Veum seier dei har fond til å ta uventa utgifter, men går slike fond tomme bør dei også etterfyllast. Fylkeskommunen er også spente på om det er pengar å hente i vogntoget si ansvarsforsikring.

Brann i Skatestraumtunnelen

TJUKK RØYK: Ei tankvogn med 16 500 liter bensin tok til å brenne i Skatestraumtunnelen. Dette førte til store skader. Biletet vart teke kort tid etter at fleire eksplosjonar gjekk av i tunnelen.

Foto: Linda Christin Lilleskare / NRK

Forventar at det vil ta tid

Johannes Hamre som er jurist i Statens vegvesen seier det truleg vil vere avgrensa kor mykje det er å hente ut frå ansvarsforsikringa.

– Vi veit at bilansvarslova har ei skadeavgrensing på 10 millionar kroner for det som vert skadd i same hending. Så vi forventar ikkje at forsikringa vil dekke heile skaden, seier han.

Bruka det å ta tid før ein får avklart slike ting?

– Det er enno ikkje kome ei utbetaling etter brannen i Gudvangatunnelen. Der er det rett nok litt komplisert sidan det var fleire andre som hadde skader. Så det vil nok ta litt tid, seier Hamre.

Håpar på kompensasjon

Fylkeskommunen har over statsbudsjettet fått ekstramidlar til tunnelvedlikehald. Høyangergtunnelen er fyrst på lista i dag, men Menes fryktar at lista kan måtte rokerast.

– Eg ser det som ei stor utfordring. Vi får ha ein diskusjon med sentrale myndigheiter om det er nokre moglegheiter til å få kompensert noko i slike typer ulukker, seier han.

Inne i Skatestraumtunnelen