Hopp til innhold

Fekk beskjed om at sesongen var over - i dag vann ho kvinneklassen

I mai vart heile låret hennar skore opp for å reparere ein roken muskel. Då fekk ho beskjed om at det ville gå seks månader før ho var tilbake. I dag viste May Britt Buer ryggen til alle konkurrentane.

May Britt Buer

BESTE KVINNE: May Britt Buer var raskaste kvinne opp på Hafstadfjellet.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg er så glad, eg er så glad, seier May Britt Buer.

Ho låg an til å ta førsteplassen under motbakkeløpet Skåla Opp for nokre veker sidan, men måtte sjå seg slått heilt på slutten. Difor smakte sigeren i dag ekstra godt for kvinna som spring for Gular.

– Bortsett frå Skåla, har det vore ein tragisk sesong, seier Buer, som har hatt meir motbakke enn dei fleste.

Måtte sy ei to centimeter lang rift

Ho frykta nemleg at sesongen var over då ho i påsken rauk hamstringsmuskelen på baksida av låret. Ho vart operert i mai, der ei vel to centimeter lang rift måtte syast i hop att.

– 15. mai skar dei opp heile låret og skrudde fast hamstringen som var roken av. Eg fekk beskjed om at det ville gå seks månader før eg var tilbake, og eg var veldig lei meg, sidan eg hadde sett for meg ein kjempesesong i år, seier Buer.

Men nitid trening og ståpåvilje har ført Buer på mange motbakketoppar også i sommar.

– Eg får tydelegvis nytte av det eg har bygd opp i vinter og vår, likevel. Eg får ein bonus av det. Eg hadde aldri trudd at forma skulle komme så fort tilbake. Det er heilt fantastisk, seier den svært glade jenta på toppen.

Ville gjerne hatt meir sti

– Det var ei veldig artig løype. Eg hadde ikkje gått gjennom ho før, så eg fekk litt sjokk, at det var så bratt grusbakke. Det hadde eg ikkje trudd, men eg likar det jo bratt. Skulle eg valt, ville eg helst hatt sti når det er så bratt. Det blir litt statisk i veggen, men det er likt for alle, seier Buer.

Ho merka godt bratta undervegs.

– Verste punktet var opp mot myra, det saug ganske godt. Men eg såg eg hadde god luke, så eg stressa ikkje. Eg kjende meg ganske trygg, seier Buer.

Buer har dei siste åra markert seg sterkt i landets motbakkar, og har også gjort det bra i internasjonale løp. I fjor hadde ho ein svært god sesong, og vann mellom anna Norgescupen samanlagt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde Opp 2013 vinnar

RASKAST OPP BYSTIEN: Thorbjørn Thorsen Ludvigsen raskast opp Hafstadkleiva.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kosta mykje

Thorbjørn Thorsen Ludvigsen stakk av med sigeren i herreklassen, og sette ny løyperekord med tida 28,24.

– Det var tungt, seier Thorbjørn Thorsen Ludvigsen.

Han suste inn til ny rekord på toppen i årets Førde Opp.

– Dette kosta mykje, seier Ludvigsen, som deltek i løpet for aller første gong.

Thorstein Tengsareid frå Egersund tok andreplassen med 28,35, hakk i hæl på vinnaren.

I kvinneklassen vann, ikkje heilt uventa, May Britt Buer frå Gular med 33,54 minuttar. Merete Helgheim frå Gloppen kapra andreplassen på 38,13.

Grusvegen var tyngst

Han var dødssliten då han nådde toppen, og er klar på kva som var verste etappen.

– Grusvegen. Heilt klart, seier Ludvigsen, som rosar løypa.

– Det var ei flott løype. Litt for lite terreng etter min smak, men veldig bra, seier Ludvigsen.

Trenar mykje i motbakke

Han har eit solid treningsgrunnlag bak seg, noko som er heilt naudsynt dersom ein skal hevde seg i toppen på denne type løp.

– Eg spring mykje i fjellet og mykje i motbakke, med høg intensitet. Det er det som hjelper, seier Ludvigsen.

Rosar dugnadsinnsatsen

– I dag har vi opp mot 100 dugnadsfolk, så det er mange som gjer ein flott innsats, seier leiar i arrangementskomiteen i Førde Opp, Bjørn Kjønås.

– Vi er overraska over å sjå så mange unge, men vi trur det har noko med satsinga vår på skulane, seier Kjønås.

Han gler seg over å sjå så mange på tur.

– Det er fantastisk, seier Kjønås.