Hopp til innhold

"Brureferda på Årdalsvatnet"

Fylkesvegen til kyrkja stengde - brurepar måtte ta sjøvegen.

Ivar Vamråk og Laila da Silva

Det sjøfarande brureparet amråk og Laila da Silva.

Foto: Hanne Stedje / Sogn Avis

- Me visste ingenting om stenginga då me bestemte oss for 14. august 2010, og eg skal innrømma at eg fekk litt panikk med det same eg høyrde om det, seier brura, Laila da Silva til Sogn Avis .

Vurderte å flytta bryllaupet

Brureferd på Årdalsvatnet

Brureferd på Årdalsvatnet anno 2010.

Foto: Hanne Stedje / Sogn Avis

For Statens Vegvesen hadde bestemt seg for å stengja riksveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen - akkurat då paret hadde planlagd bryllaup. Grunnen til stenginga er ein faretrugande stein over ein tunnel Vegvesenet skal jobba med å fjerna denne veka.

På grunn av steinen vart gode råd dyre.

- Ei stund, før me visste om me fekk til dette med båttransporten, ymta eg frampå om me ikkje heller berre skulle gjera det mest praktiske og gifta oss i kyrkja i Øvre, seier brudgom Ivar Vamråk.

Ueinig

Men brura var ikkje einig. For ved Årdal kyrkje på Årdalstangen vart far hennar, Manuel Augusto da Silva gravlagd. Den fyrstefødde dottera til paret, Maria Isabel, som ikkje fekk leva opp etter fødselen 2005 kviler også her. I tillegg er både Christoffer (snart 5) og veslesyster Maria (3) døypte i Årdal kyrkje, så dei to har eit spesielt forhold til kyrkja.

- Det vart mildt sagt ikkje godt motteke. Og det hadde ikkje blitt det same heller, sjølvsagt, seier Vamråk.

Løysinga vart dermed å nytta einaste transportmoglegheit mellom Øvre Årdal og Årdalstangen, nemleg båttransport over Årdalsvatnet.

- Det har blitt ein del ekstra planlegging med transporten, det er ikkje til å komma i frå, seier da Silva.

"Brureferda på Årdalsvatnet"

Brudeferden i Hardanger

Brureferd i Hardanger anno 1848, måla av Tidemand og Gude.

Foto: Nasjonalmuseet

Men dermed fekk også bryllaupet historisk sus over seg. Øvre Årdal fekk ikkje si eiga kyrkje før tidleg på 70-talet, så før den tid måtte dei alle på Tangen for å gifta seg. Fram til det som no er fylkesveg 53 opna under krigen, var ikkje brureferd på Årdalsvatnet noko uvanleg syn.

Og sjølv om båten til helgas brurepar i Årdal var noko meir moderne enn i 1848, er det lett å trekkja parallellane til det velkjende nasjonalromantiske måleriet "Brureferd i Hardanger".

- Du vil jo at denne eine dagen i livet skal vera heilt perfekt! seier brura til Sogn Avis , lukkeleg for å få gifta seg i "rett" kyrkje.