Hopp til innhold

Brukte fire minutt på å slå Florø

Etter berre fire minutt sette Førde inn vinnarmålet i oppgjeret mot erkerivalen Florø. Etter det som begge lag sine trenarar skildrar som ein tett kamp enda det med 0–1 til gjestane.

Førde jublar etter 1-0 målet mot Florø

TRE POENG: Førde henta heim tre poeng i Florø. Her jublar dei etter at Kristian Fardal Opseth skåra det første og einaste målet i kampen.

Foto: Truls Kleiven

Førde trona øvst på tabellen før dei reiste på besøk til kystbyen, og sjølv kor mykje Florø ville ha dei tre poenga, var det bortelaget som fekk full pott.

Det tok ikkje meir enn fire minutt før Kristian Fardal Opseth klinte ballen i nettet og med det som einaste spelar noterte seg på skåringslista for kampen. Ifølgje Firda.no si liveoppdatering var det fleire sjansar mot slutten, men Florø klarte aldri å svare etter den tidlege skåringa.

– Dette smakte veldig godt, seier Førde-trenar Knut Erik Folland glad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde-publikumet jublar etter siger mot Florø

GOD STEMNING: Det var Førde-publikumet som fekk mest å juble for.

Foto: Truls Kleiven

Tøff og tett kamp

16. mai-kampane er rekna som ein av dei store festdagane i lokalfotballen og det var god stemning på tribunane i Florø. Rivaliseringa klubbane i mellom kom godt til syne, mellom anna kunne ein sjå banner med slagord som til dømes: «Førde: Der ingen skulle tru at nokon bu».

Oppgjeret mellom dei to byane har tradisjon for å vere tøffe, også i form av litt venlegsinna skitkasting blant tilskodarane. Førde-trenar Knut Erik Folland seier det også på bana var eit oppgjer der begge laga verkeleg kjempa for poenga.

– Det er ein tett kamp, med lite finspel. Det blir litt slåsting, duellar og det er bra temperatur, seier Folland til NRK.no.

Han seier det er kjekt å oppleve at publikum er entusiastiske og engasjert.

– 16.-mai oppgjera er viktige for lokalfotballen og det kjem mykje folk, seier Folland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Banner på Florø stadion

RIVALISERING: Florø-tilhengarane hadde hengt opp fleire banner rundt tribuna.

Foto: Truls Kleiven

– Vi har bra kontroll

Folland meiner Førde blir litt passive tidleg i kampen, men seier begge lag kjem til fleire sjansar.

– Dei første 20 minutta er vi gode, men så blir vi litt passive, seier Førde-trenaren.

– Det er mykje kriging, og det synest eg vi klarer godt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nesten skåring til Florø mot Førde

NESTEN: Det var sjansar til begge lag, her puttar Florø nesten ballen i mål.

Foto: Truls Kleiven

– Vi taper ein jamn kamp

Florø stod for ei cupbombe då dei slo Sogndal i cupen, men då dei tok i mot Førde vart det tap. Florø-trenar Terje Rognsø deppar ikkje av den grunn.

– Vi taper ein jamn og tett kamp, seier han.

Han seier vertane fekk ei utfordring etter at kaptein André Reksten måtte gå av bana med skade berre vel 20 minutt ut i kampen.

– Han er nok den beste stopparen i tredjedivisjon, og det blir ei utfordring for oss utan, seier Rognsø til NRK.no.

Florø-trenaren er samtidig godt nøgd med at det dei presterer.

– Vi reduserer motstandarane våre til eit lag som ikkje gjer noko anna enn å klinke ballen langt, og håpar på det beste. Det ein type spel som for meg ikkje er fotball.

Andre resultat frå 3. divisjon avd. 08:

Voss-Øystese: 1-5

Eid-Stryn: 0-4

Årdal FK-Vik: 5-1

Saga-Tornado Måløy: 2-0

Florø-Førde

TØFF: Det var mykje duellar og kriging på bana når dei to erkerivalane møttest til kamp.

Foto: Truls Kleiven