Hopp til innhold

Brukar premiehingsten til å trekkje tømmer over islagt vatn

Den gamle tradisjonen med hest og tømmerdrift blir framleis halden liv i av Svein Erik Hafstad. På eit islagt vatn i Gaular har han spent broddar på både seg og premiehingsten for å få jobben gjort.

I to og ei halv veke har han køyrt tømmer over Langelandsvatnet frå Hafstadstøylen. 
Men i dag er det premiehingsten som skal få prøve seg på glattisen for fyrste gong.

VIDEO: Fjordhesten blir brukt som arbeidsreiskap. Her er hingsten Ninjar på glattisen.

– Det er veldig kjekt å drive med dette. Det skulle vore ein fjording på mange fleire gardar som kunne hatt slikt arbeid, seier den erfarne hestemannen.

Let seg ikkje skremme på første turen

I to og ei halv veke har han køyrt tømmer over Langelandsvatnet. Ein kald vinter har gitt perfekte forhold for å bruke hest til å dra tømmer. Med nesten klarblå himmel er det einaste ein høyrer pusten til hest og mann, og den knirkande lyden av broddar som dreg seg fram i isen.

– Du kan lesse nesten like mykje på hesten som på ein traktor på isen, seier Hafstad.

Då NRK.no er med er det premiehingsten Ninjar som skal få prøve seg på det tunge arbeidet. Sjølv for folk kan det vere småskummelt å ta seg ut på eit islagt vatn, men Ninjar ser ikkje ut til å la seg skremme.

– Eg trur han skal klare dette. Han er fem år no, men det er første gongen han går på klink is, fortel Hafstad medan han med kyndig han dirigerer hesten fram over isen.

– Han er ein førstepremiehingst, faktisk var han Norges beste i fjor på Nordfjordeid på hesteutstillinga, seier Hafstad og viser stolt fram det sterke dyret.

Sjølv vedgår han at det var litt ekkelt dei første turane over vatnet. Då var ikkje isen fullt så tjukk.

– Då vi starta i vinter var isen mellom 13 og 15 centimeter tjukk. Når du då stod midt på vatnet med fullt lass og det small rundt det, då var det litt utriveleg, vedgår han.

(Artikkelen held fram under)

– Som å køyre bil eller traktor

Fjordhesten til Svein Erik Hafstad på isen

SAMARBEID: Hest og mann samarbeider leikande lett om det tunge arbeidet med å frakte tømmer over Langelandsvatnet i Gaular.

Foto: Heidi Lise Bakke

Tømmerdrift med hest er ein billig måte å drive skog på, og Hafstad har brukt forskjellige hestar over isen. Han eig ni fjordingar, og har i tillegg ein dølahest heime på garden.

Med broddar på beina og bjølle rundt halsen jobbar hesten flittig heile dagen. Samarbeidet mellom hest og mann går leikande lett, og Hafstad gler seg over at det framleis går an å drive arbeidet på denne måten.

– Det blir nett som å køyre ein bil eller ein traktor. Berre at det er nesten heilt stille. Det er berre bjølla du høyrer.