– Helsepersonell og politi reiste til staden etter melding om ulukka. Sjåføren vart erklært død av helsepersonell i helikopteret på veg vekk frå staden, fortel Wenche Hope ved Politiets operasjonssentral.
Meldinga om ulukka kom like før klokka 22, og vegen var stengd i fleire timar i samband med ulukka.
Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til hendinga, som skal ha skjedd i ein skarp sving på riksveg 52, mellom Borlaug og Breistølen. Brøytebilen køyrde i fjellveggen, og hendinga blir vidare etterforska av lensmannskontoret i Årdal.
– Det er særs små skadar på brøytebilen. Vi veit ikkje kva som har skjedd, og den avdøde blir send til obduksjon for å prøve å fastslå dødsårsaka, seier Hope.