Hopp til innhold

Hemmeleg broderingsliga har slått til i Førde

Med fargerike trådar og korsstingkunnskapane innanbords, tok broderingsligaen i Førde nål og tråd fatt for setje farge på sentrum.

Broderingsliga

PÅ KRYSS OG TVERS: Broderingsligaen i full gang med å dekorere bankbrua i Førde med badeender.

Foto: Marit Andersen

– Eg hadde altså fått løyve av opptil fleire kommunale sjefar, så då var det berre å gjennomføre, seier talsperson for ligaen og dama bak stuntet, Marit Andersen i Midtre Sunnfjord Husflidlag.

Broderingsliga i Førde

KORSSTING: Klassiske korssting vert teke til eit nytt nivå.

Foto: Marit Andersen

Med seg på laget fekk ho ein gjeng broderingsglade sjeler, som ønskjer å vere anonyme. Dei trassa både lyn og torevêr for å ta handarbeid til eit høgare nivå. Ligaen består av ungdomar mellom 15 og 18 år.

Andersen seier ho fekk inspirasjonen via Facebook der ho fant grupper om urbant korsstingsbroderi. Då begynte ho å leite etter plassar som kunne brukast til brodering. Bankbrua i Førde var ein av plassane.

Og fredag kveld, i skumringstimen, tok broderingsligaen fatt sysakene sine.

Borderingsliga i Førde

KRYSS: Bankbrua vert pynta med sterke fargar. Ligaen dreiv på i 2,5 time.

Foto: Marit Andersen

Broderte i bulder og brak

NRK kan opplyse om at broderingsligaen vart observert på ein utestad i Førde sentrum der dei åt pizza og planla stuntet sitt.

Sjølv om regnet hølja ned og det buldra og braka rundt dei, var gjengen svært positive til å utføre korssting i storformat. Eit taktisk val av broderingsligaen som på grunn av uvêret difor fekk stå i fred.

Broderingsligaen

KORS PÅ HJARTET: I tillegg til endene fekk dei òg plass til nokre hjarter langs brua.

Foto: Marit Andersen

– Det er det same som vanleg korsstingsbroderi. Men det blir kanskje ikkje like fint på baksida. Det kan hende at bestemødrer som ser det, og er vande med at baksida skal vere like fin, vil reagere. Men litt knutar går bra, ler Andersen.

Broderingsligaen gjekk ikkje heilt berserk og valde eit motiv som stod i stil til staden. Langs Jølstra-elva på bankbrua kan ein no sjå fargerike ender, av typen bade, brodert inn i rekkverket. Eit par hjarter har også fått plass.

– Det var kaldt altså. Vi måtte ringje til ein hemmeleg hjelpar som kom med varm te til oss, fortel Andersen.

Broderingsliga

MØNSTER: Ved hjelp av vanleg broderingsmønster vart dei store badeendene til.

Foto: Marit Andersen

Vil lokke fleire unge til husfliden

Midtre Sunnfjord Husflidlag har rundt 100 medlemar og består av Førde, Naustdal og Jølster. Dei jobbar òg med ungar og har ei aktiv barnegruppe.

– Det er jo mest vaksne damer. Dessverre er det jo det. Pluss 50 år på store delar av gjengen. I barnegruppa har vi rundt 20 barne- og ungdomsmedlemar. Men desse ramlar av når dei kjem på ungdomsskulen, seier ho.

Andersen håpar at stunt som brodering i sentrum kan vere med å vise at husflid er så mykje meir enn det folk trur.

– Ordet husflid høyrest jo ganske traust ut. Vi ønskjer å vise at det kan gjerast litt annleis og vise oss litt meir ute, forklarar ho.

Vil slå til igjen – uvisst kvar

Broderingsliga

BRODERING: Ein av liga-medlemane er i full sving med tråden.

Foto: Marit Andersen

I to og ein halvtime heldt dei på. Fire gule badeender og ein rosa vart resultatet.

– Vi har ikkje instrument å spele på, så vi må markere oss på ein anna måte. Det er jo skummelt for husflidslaget no i desse tider òg. Fylkeskommunen sine kutt kan gå utover oss og vår konsulent, forklarar ho.

Broderingsligaen ser ikkje bort frå at dei vil slå til igjen, og har planar om fleire stunt framover.

Badeand - broderingsligaen

GAKK-GAKK: Fem badeender vart resultatet etter fredagens broderingsstunt.

Foto: Marit Andersen