Hopp til innhold

Bremanger seier klart nei til Flora og Vågsøy

Med 14 mot ni røyster vedtok kommunestyret i Bremanger å droppe alle planar om forhandlingar med Flora og Vågsøy.

Audun Åge Røys, ordførar i Bremanger

FEKK MOTBØR: Ordførar i Bremanger, Audun Åge Røys (H) ville ha ei utgreiing, men fekk ikkje fleirtal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det var litt uvisse i kva som låg i det for Bremanger kommune. Fleirtalet såg ikkje at det var nokon fordel for Bremanger å gå vidare med å greie ut alternativet, seier Audun Åge Røys (H) som er ordførar i Bremanger.

Fleirtalet bestod av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti.

Fleirtalet i kommunestyret følgde dermed innstillinga frå formannskapsmøtet tidlegare i dag, der det med fire mot tre stemmer vart vedteke at Bremanger kommune skal stå åleine.

Fryktar ikkje tvang

Ordføraren stemde for å greie ut moglegheitene for samanslåing.

– Eg kunne ikkje sjå farane med å gå vidare og diskutere og forhandle fram ein intensjonsavtale. Då hadde vi hatt noko reelt å leggje fram for innbyggjarane, før ein tok ei folkerøysting. Men det får vi ikkje sjanse til no, seier Røys.

Han fryktar ikkje at Bremanger no risikerer å bli tvangsinnlemma i ein storkommune, sjølv om regjeringa har understreka at éi kommune ikkje skal få stå i vegen for ei samanslåing dersom fleire vil det.

– Eg trur ikkje dei vil bruke tvang i dette tilfellet her. Ein må sjå på geografien, og vi ligg der vi ligg, seier Røys.

Ville blitt ei øy

Gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Espen Sortevik, er nøgd med utfallet.

– Vi gjekk gjennom rapporten som førre kommunestyre laga, samt rapporten frå PWC om kommunesamanslåing. Vi fann ut at ei samanslåing ikkje vil løyse våre utfordringar, seier Sortevik.

Espen Sortevik Bremanger Ap

NEI: Gruppeleiar i Bremanger Arbeidarparti, Espen Sortevik, røysta imot ei utgreiing.

Foto: Privat

Han peikar på at korkje økonomi, nærleik til tenestene eller det å halde oppe skular og kvalitet på eldreomsorg blir betre med å slå kommunen i hop med Flora og Vågsøy.

– Vi vil bli ei lita øy med to sentrum på kvar side av oss, med store avstandar til tenestene, seier Sortevik.

Heller ikkje han trur kommunen vil bli tvangssamanslegen med nabokommunane.

– Slik kommunikasjonen er i dag er det vanskeleg å få dette i hop. Vi må tenkje på kva innbyggjarane våre har sagt til oss i ei undersøking. 74 prosent sa at dei ønskte vi skulle stå åleine, seier Sortevik.