Hopp til innhold

Breane smeltar i rekordfart

Briksdalsbreen historisk liten, ikkje sidan vikingtida har breen vore mindre, seier breforskar

Briksdalsbreen
Foto: Bjerknessenteret

Den siste målinga viser at Briksdalsbreen har trekt seg over 50 meter tilbake. Breen er historisk liten, seier breforskar Atle Nesje.

- Breen og brefronten har trekt seg ut av vatnet, slik at no står ikkje fronten til Briksdalsbreen ute i Briksdalsvatnet som han gjorde tidlegare. Ut i frå tala mine, så ligg den no åtte meter lenger tilbake enn den var på det minste midt på 1900-talet, seier han.

- Alarmerande

Breforskaren føl utviklinga på dei norske breeane med argusauger. No meiner han vi må attende til Vikingtida for å finne ein periode der Briksdalsbreen var like liten. I september i fjor trekte Briksdalsbreen seg 145 meter tilbake. Sidan i fjor september har breen trekt seg 53 meter tilbake. Breen smeltar mykje raskare enn venta og forskaren likar ikkje det han ser.

- Etter 2000 så har tilbakesmeltinga på breane akslerert i eit tempo vi ikkje har sett tidlegare. Det er ganske alarmerande det som skjer. Dersom brearmane på Vestlandet held fram med å trekke seg attende 50-100 meter, så er det ikkje lang tid før du berre ser dei i himmelsynet.

Smelta halv kilometer

Briksdalsbreen er ikkje åleine om å smelte. Nesje fortel at Kjenndalsbreen har gått attende 182 meter frå i fjor. Berre sidan 1996 har den smelta ein halv kilometer. Brenndalsbreen har gått attende 87 meter. Same bilete har Nesje blitt skildra frå Engabreen i Svartisen. Det er den globale oppvarminga som er hovudårsak til smeltinga, meiner forskaren. Han trur ikkje at klimaet vil endre seg nok til å hindre utviklinga.

- Det som må til er at vi får nokre milde og nedbørsrike vintrar som på 90-talet. Då vaks brearmane kring Jostedalsbreen om lag like mykje som dei no smeltar. Samstundes må ikkje sommartemperaturane bli så høge. Det beste er milde og nedbørsrike vintrar og kalde somrar. Slik klimamodellen er no, så trur ikkje eg det vil skje, seier han.

- Har alltid variert

 

Per Briksdal er dagleg leiar ved Briksdalsbreen Fjellstove. Han er ikkje uroa over å drive turistverksemd i dalen sjølv om breen smeltar vekk framfor dei.

- Breen er brikken over i'en, men her er mange fine naturelement i området. Om du til dømes starta i Olden, så har sjøen og oppover bygda med fjellsider med fossefall og elvar, så kjem du til Briksdalen med breen og fossane som prikken over i'en. Så her er mange moment. Breen har som sagt gått fram og tilbake tidlegare, så får ikkje tru at han forsvinn heilt. Det trur vi ikkje han gjer, seier han.