Hopp til innhold

Brannvesenet i Aurland rustar opp

Brannfolk òg i Gudvangen og nytt røykdykkarutstyr skal gjera det hardt prøvde brannkorpset i Aurland endå betre rusta til nye tunnelbrannar.

Brann Gudvangatunnelen

RUSTAR OPP ETTER TUNNELBRANNAR: Aurland kommune vil bruka fleire hundre tusen kroner på å kjøpa nytt utstyr og å oppbemanna brannstasjonen i Gudvangen. Her under brannen i Gudvangatunnelen tidlegare i år.

Foto: NRK

– Me føler tungt på ansvaret for 17 vegtunnelar i eigen kommune, pluss fleire andre tunnelar som ligg Hordaland og Buskerud, seier ordførar Noralv Distad (H) i Aurland.

Oppdraga for brannvesenet i Aurland kjem hyppigare og er meir krevjande enn for mange andre brannkorps. Dei siste åra har brannfolka i kommunen vore med på fleire dramatiske aksjonar, som under brannane i Gudvangatunnelen i 2013 og i sommar.

Brannfolk òg i Gudvangen

Ordførar Noralv Distad vil difor bruka i underkant av ein million kroner på opprusting:

– Me vil igjen få på plass brannmannskap i Gudvangen, slik at me har brannfolk på begge sidene av Gudvangatunnelen. Me hadde det tidlegare, men har ikkje hatt det dei siste åra. Me håpar å ha ny bemanning på plass i løpet av året, seier han.

Reinert Sørensen, Noralv Distad, Morten Støldal

TREKKJER LÆRDOM: Erfaringane frå brannane i Gudvangatunnelen i 2013 og i sommar har gjort brannsjef Reinert Sørensen (t.h.) og ordførar Noralv Distad (midten) betre rusta til nye ulukker i tunnelkommunen Aurland. Her saman med Morten Støldal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) etter eit evalueringsmøte i Aurland før helga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Brannvesenet i Aurland har fått ros for innsatsen i begge Gudvanga-brannane, men under tunnelulukka i 2013 kom det òg kritikk.

Statens havarikommisjon slo fast at det mellom anna var øvd for lite og at det var feil av brannvesenet og Statens vegvesen å snu ventilasjonsretninga, fortalde avdelingsdirektør Rolf Mellum i mars i år:

– Me veit at det er veldig krevjande å gjera rett vurdering i den situasjonen, men her var den naturlege røyktrekken oppover mot Aurland, men då røyken blei snudd, blei situasjonen dramatiske endra for trafikantane som fekk røyken over seg.

Nytt røykdykkar utstyr

Etter 2013-ulukka har brannvesenet øvd meir på tunnelbrann, og ordførar Noralv Distad viser til korleis brannsjefen i tunnelbrannen i år snudde røyken slik at redning og sløkking fungerte godt. Nytt utstyr skal gjera brannvesenet endå betre rusta:

– Me har i dag mange røykdykkarar i kommunen, men me må få på plass røykdykkarutstyr med surstoff for fire timar, slik at me kan vera lenger inne i ein akutt situasjon. Det vil vera viktig for oss og dei andre brannkorpsa i Sogn, og det vil gjera oss mindre avhengige av andre.