Hopp til innhold

Sogndal tapte sin fjerde på rad - slapp inn fire mål på 12 minutt

16.mai-festen vart alt anna enn ein fest for Sogndal. For på Brann stadion rakna det totalt for Sogndal i andre omgang, på berre tolv minutt putta Brann fire mål og såg seg aldri tilbake.

Brann jublar - Sogndal deppar

5-0: Armin Askar jublar etter å ha sett inn 5-0 til Brann. Sogndal sin Eirik Skaasheim deppar i framgrunnen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Me trudde at me var betre enn det me er, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson.

Etter ein forrykande seriestart, har Sogndal so til dei grader kome seg ned att på jorda. Onsdag gjekk dei på sitt fjerde strake tap – og slapp inn sitt trettande mål på like mange kampar. Resultatet vart til slutt 5-0 til vertane frå Bergen.

Jonas Olsson, Terje Skjeldestad og Håvard Flo

MISNØGD: Sogndal-trenar Jonas Olsson hadde få grunnar til å smila under kampen mot Brann.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Me spelar ein god fyrsteomgang der me skapar nokre gode målsjansar og kunne fått både eitt og to mål. I andre omgang skulle me fortsetta det gode spelet, men det klarer me ikkje. Brann får det viktige fyrste målet, og då lyfter dei seg medan me byrjar å slite, seier Olsson.

– Me trur kanskje at me er betre enn det me eigentleg er. Suksessen dei fyrste kampane har vore hardt arbeid der alle jobbar for kvarandre. I dag vert det litt meir ein og ein for seg sjølv, og me er ikkje eit samla lag. Då blir det ein del baklengs og lite mål framover, sa ein skuffa Sogndal-kaptein, Henrik Furebotn.

Berre nesten

I fyrste omgang var Sogndal fullt på høgde med Brann, og etter 24 minutt kokte det på Brann stadion. Først ville heile stadion ha straffe då dei tykte at det var hands i Sogndal-boksen. Dommar Moen heldt fløyta i ro, og Sogndal kontra.

Ulrik Flo kom gjennom og fekk pirka ballen mot mål før han krasja med Piotr Leciewski i Brann-målet. Ballen vart redda på streken, og heller ikkje returen ville i mål.

Piotr Leciejewski

UT PÅ BÅRE: Den gamle Sogndal-keeperen Piotr Leciejewski måtte ut på båre etter eit ublidt møte med Ulrik Flo.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Polakken i Brann-målet vart liggande med ein hovudskade. Han prøvde å koma seg opp, men klarte knapt å halda seg på beina. Dermed var det duka for ungguten Øystein Øvretveit i Brann-målet.

Etter 36 minutt vart den unge keeperen sett på prøve, men leverte ein kjemperedning på Tony Brochmann prøvde segmed ein volley frå ti meter.

– Pang, pang, pang, pang

Men etter pause rakna det. Bentley, Mjelde, Ojo og Barmen brukte berre tolv minutt på å skora fire mål. Brann såg seg aldri tilbake etter det, og hadde full kontroll resten av kampen.

– Det seier berre pang, pang, pang, pang og so er det 4-0. Me skjønnar ikkje kva som skjer. Det er vanskeleg å forklara, men det blir fullstending kollaps, seier Furebotn.

Furebotn var langt nede

– FLAUT: Henrik Furebotn var langt nede etter 5-0-tapet mot Brann.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg føler at me ikkje går hundre prosent inn i duellane. Me må tåla å få ein liten smell i foten. Eg sa før kampen at om me ikkje kjempar for kvar einaste ball, då kan du berre slutta med fotball. Råma rundt kampen var perfekt, og so drit me oss ut. Det er litt flaut, seier ein nedbroten kaptein.

– Etter det blottlegg me alt bakover, og då blir me veldig hardt straffa. Det kan me ikkje gjera på dette nivået, seier Kenneth Udjus.

Kenneth Udjus

DEPPA: Kenneth Udjus i Sogndal-målet har slept inn 10 mål på tre tippeligakampar (i cupkampen mot Florø var det Leif Lysne som stod).

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Jonas Olsson var lite nøgd etter kampen, men meiner at dommar Svein Oddvar Moen burde annulert to av måla.

– Mål nummer to og tre tykkjer eg er tvilsame. Mål nummer to meiner eg er offisde, og på det tredje blir Hannu Patronen sprunge ned. Der skulle me hatt frispark, seier Olsson.

På overtid fastsette Armin Askar sluttresultatet til 5-0.

Patronen ut med skade

Og som om ikkje kvelden allereie var heilsvart for Sogndal – etter 69 minutt måtte Hannu Patronen ut med skade.

– Det er den same ankelskaden som eg hadde i sesongoppkøyringa. Eg fryktar at eg er ute dei siste to kampane før sommarferien, men ingenting er heilt sikkert før eg får sjekka det ordentleg, sa ein skuffa Patronen etter kampen.

For Furebotn er vegen vidare for å snu den dårlege trenden, klar:

– Me må prøva å få inn i hovuda på alle saman at me må byrja å jobba meir og springa for kvarandre og visa at me har lyst til dette her.

Og dagen derpå er noko Furebotn ikkje ser fram til.

– Turen tilbake til Sogndal blir stille. Og det blir ikkje med hovudet heva me går i 17.mai-toget i morgon. Me kjem vel til å prøva å gøyma oss vekk litt, seier Furebotn.

Saftkokaradn før og etter 4-0

MANGE REISTE: Då Brann gjekk opp til 4-0, var det mange av dei 800 tilreisande Sogndal-supporterane som gjekk.

Foto: Sondre Dalaker / NRK