Hopp til innhold

Brann-kampen gir pengar i kassa

Florø-fotballen har skote gullfuglen so langt i år. Dei kan tena nesten ein halv million kroner på cupeventyret dei no er i gang med.

Florø-Sogndal

CUPBOMBA: Florø slo Sogndal 3-0 i fyrste runde av cupen. Det gir inntekter. Store inntekter.

Foto: Alf Vidar Snæland

– På brannkampen har me tru på at me skal tena mellom 300 000 og 400 000 kroner, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Cupeventyret er gull verdt

Terje Rognsø

GRUNN TIL Å GLISE: Florø-trenar Terje Rognsø.

Foto: Alf Vidar Snæland/NRK

Det er ikkje berre sportsleg det for tida går strålande med SK Florø. Hatoppgjeret mot Førde i cupkvalifiseringa, cupbomba dei detonerte i fyrste runde då dei slo Sogndal og kampen mot Brann dei skal spela torsdag, kan gi opp mot ein halv million krones i reine inntekter.

– I all hovudsak er det på billettsal og kiosksal. Det blir jo litt på sal av drakter, skjerf og slike ting også, og so tener me litt på sponsorinntekter, seier Rognsø.

Det unge florølaget detonerte ei av årets store cupbomber mot Sogndal i fyrste runde av cupen. Det gir klingande mynt i ei kasse som har god plass.

Brannkampen = heile A-lagsbudjsettet

– Den summen me kjem til å tena på Brannkampen er omtrent lik med heile budsjettet til a-laget denne sesongen. Desse pengane går jo ikkje direkte til A-laget, men til heile klubben, men det er klart det kjem godt med, seier Rognsø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Publikum og spelarar jublar

ELLEVIL STEMNING: Publikum og spelarar var i ekstase etter at sigeren var eit faktum.

Foto: Alf Vidar Snæland

Florø har dei siste åra hatt store utfordringar på pengesida, og dei har jobba knallhardt dei siste fem åra for å minska gjelda på nærmare 1,8 millionar.

– No har me positiv eigenkapital, og det hadde me også før brannkampen, so desse pengane som kjem inn på torsdag vil absolutt hjelpe på å bygga eit betre fundament i klubben.

Satsar på barn og unge

– Pengane går til fellesskapet, men det er ikkje nokon fare for at me ikkje skal kunne utnytte pengane. Mykje av det vil i hovudsak gå til satsinga på barn og unge, seier Rognsø.

Han understrekar at sjølv om dei no tenar godt på cupen, so er det viktig å ha begge beina planta på bakken.

– Det viktige no er at me framleis er jordnære og at me ikkje går i fella som me har gjort tidlegare. Me kjem ikkje til å bruka meir enn det me hadde tenkt til å bruka.