Hopp til innhold

Brakval for ny liste i Selje

Den nye tverrpolitiske lista i Seljer er årets valvinnar. Nykommaren har fått 28,6 prosent av stemmene. Ap er den store taparen.

Valvake i Selje

VALVAKE: Ottar Nygård (til venstre) er strålande nøgd med valet.

Foto: Privat

Listetopp for Tverrpolitisk liste, Ottar Nygård, seier det er ein god kveld.

– Det kan du trygt seie. Det er gledeleg, for vi har gjort eit formidabelt val, seier han.

Nygård er Ap-toppen som melde seg ut på grunn av måten Arbeidarpartiet i fylket og nasjonalt handterte sjukehussaka på. Og han var ikkje den einaste, nesten alle i Ap melde seg ut i protest.

– Den tverrpolitiske lista har fått gode tilbakemeldingar. Vi har fått med oss mange Ap-medlemmer, men også andre som ikkje har vore med før. Ikkje minst er det hyggjeleg at vi har fått mange unge med oss, seier han.

Trur han blir ordførar

Den 60 år gamle anleggsleiaren i Mesta har trua på at han kan bli den nye ordføraren i kommunen.

– Eg vil ikkje forskottere noko, det er ikkje kvelden for det. Men eg legg ikkje skjul på at eg har stor tru på at det blir meg. Folkets røyst er jo klar, seier han.

Frp har sjukehusforkjemparen Svein Hansen i spissen. Partiet har fått 22,3 prosent oppslutnad, noko som er 0,5 prosentpoeng fram frå førre kommuneval. KrF har fått ein liten tilbakegang til 17,5 prosent (-1,6). Det same har Høgre med 16,6 prosent, med ein tilbakegang på 0,8 prosentpoeng.

Venstre som har vore vekke i to periodar, er tilbake og får 3,8 prosent av stemmene. Taparane i kommunen er Senterpartiet som har fått 7 prosent, ein tilbakegang på 6,4 prosentpoeng og Arbeidarpartiet som går tilbake 18 prosentpoeng til 4,2.

– Eg er ikkje overraska. Det er resultatet av handteringa til Arbeidarpartiet i fylket når det gjeld sjukehuset på Nordfjordeid, seier han.

Noverande ordførar har ikkje gitt opp

Dei to siste vala har Selje har hatt direkte ordførarval. Det er det ikkje i år. Noverande ordførar Gunn Helgesen er nøgd med 17,5 prosent, sjølv om dei kunne tenkt seg meir.

Ho seier det no blir spennande å sjå mandatfordelinga og kven av partia som slår seg saman. Ho har ikkje gitt opp håpet om å halde fram som ordførar.

– Tidlegare har vi samarbeidd med Ap, altså dei som no er den tverrpolitiske lista. I denne situasjonen vi har no, er vi opne for forslag.