Hopp til innhold

Borten Moe ut mot kommunen i kraftlinestrid

Ola Borten Moe meiner Bremanger kommunestyre må ta mykje av skulda for den langvarige krangelen om kvar Ørskog Fardal-kraftlina skal gå gjennom Bremanger.

Ola Borten Moe og Myklebustdalen

FORSVARAR VALET: Ola Borten Moe forsvarar valet han og departementet gjorde om at lina skulle gå gjennom Myklebustdalen. Arbeidet med lina er no stoppa opp, etter fleire rundar i rettssystemet. Borten Moe meiner Bremanger kommune må ta noko av skulda for at trasevalet gjennom Bremanger har vorte så konfliktfylt.

Foto: Ivar Andreas Myklebust / Audun Braastad (NTB scanpix)

Etter ei rettsavgjerd i sommar, er arbeidet med kraftlina no stoppa opp.

Kommunen torde i utgangspunktet ikkje å ta stilling og gjekk inn for eit fullstendig urealistisk alternativ, meiner Borten Moe.

– Det som skjedde i Bremanger var at Bremanger kommune primært peikte på eit alternativ som ikkje var aktuelt, seier han.

– Kommunen har gjort det meir konfliktfylt

Gamle kommunale sakspapir viser at krangelen om kvar 420Kv-kraftlina mellom Fardal og Ørskog skal gå gjennom Bremanger har pågått heilt sidan 2007. Bremanger kommunestyre gjekk opphavleg inn for at kraftlina skulle gå gjennom Storebotnen. Denne traseen var det ikkje søkt om konsesjon for, og ifølgje NVE var det eit alternativ som teknisk sett var vanskeleg å gjennomføre.

Borten Moe meiner det var totalt urealistisk frå kommunen si side.

– Dei kunne velje A eller B, men peikte på C. Det er ein av grunnane til at denne strekninga har vorte så mykje meir konfliktfylt, seier den tidlegare olje- og energiministeren.

Meiner kommunen sitt alternativ var realistisk

Rådmann i Bremanger kommune, Tom Joensen.

URIMELEG: Rådmann i Bremanger, Tom Joensen, meiner kommunen sitt alternativ var realistisk, og meiner det er urimeleg å skulde på dei for kraftlinestriden.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Rådmann i Bremanger, Tom Joensen, har liten sans for kritikken frå Borten Moe.

– Eg må understreke at kommunen undervegs i prosessen peikte på eit tredje alternativ som vi meinte var realistisk, som ville vere ei kortare line. Det ville ha unngått alle den typen konfliktar som vi no ser, seier Joensen.

Dei to alternativa det var søkt konsesjon for var å føre lina gjennom Førdedalen eller gjennom Myklebustdalen. Dei faglege råda frå Statnett, NVE og Fylkesmannen var at linja skulle gå gjennom Førdedalen. Men Ola Borten Moe og olje- og energidepartementet bestemte seg for Myklebustdalen.

Kommunen ønskte altså eit tredje alternativ.

– Det blir hevda frå Statnett og NVE si side at dette ikkje var ei teknisk og forsvarleg løysing. Dette har vi vore ueinige i heile tida, seier Joensen.

– Urimeleg å skulde på oss

Med valet at Myklebustdalen vil kraftlina delvis bli erstatta av eksisterande liner og blir lagt like ved vegen gjennom dalen.

Samtidig vil kraftlina gå gjennom eit naturreservat, noko grunneigarane i Myklebustdalen har protestert kraftig imot. Deira iherdige protestar mot lineføringa førte då også fram. I avgjerda frå Gulating lagmannsrett går det fram at vedtaket vart gjort på sviktande grunnlag og alt arbeid med lina i Myklebustdalen er stoppa opp.

Utført arbeid for opp mot 100 millionar kroner kan vere bortkasta, og det er uvisst kva som skjer vidare. Joensen meiner det blir fullstendig feil at Bremanger kommune skal få skulda for dette.

– Når dei vel det alternativet dei gjer, vert det litt urimeleg å spele det tilbake til kommunen og seie at det vår feil. Eg tykkjer det er litt lett å spele ballen tilbake og seie at det er kommunen si skuld at konflikten oppstod. Den kunne kanskje oppstått uavhengig av kva alternativ som var valt her, seier Joensen.

Står fast på at Myklebustdalen var rett val

Borten Moe angrar ikkje på at han valde Myklebustdalen, men tek sjølvkritikk på at han ikkje på eit tidlegare stadium gjekk ut og forklare på ein grundigare måte kvifor han valde dette alternativet.

– Eg beklagar at eg ikkje brukte mykje meir tid på å forklare kvifor det er nødvendig at lina går der konsesjonen vart gjeven.

Borten Moe seier striden har handla om insinuasjonar og personangrep, der ein trekkjer kvarandre sine motiv i tvil.

– Men angrar du på at du valte Myklebustlina, sett i lys av det som har skjedd?

– Nei. Og det er ikkje minst fordi Myklebustdalen har inngrep frå før eller anlegg frå før. Du har kraftline, du har veg, du får eit småkraftverk, seier Borten Moe.