Hopp til innhold

Får kritikk for å ha brukt borna til å skaffe seg pengar frå staten

Marianne Aarethun Rode meiner borna til brannofra ikkje er så traumatiserte som Lærdal kommune har framstilt dei, og føler dei brukar borna til å skaffe seg meir midlar.

Marianne Aarethun Rode
Foto: Johannes Einemo/privat

– Det er fleire av oss foreldre som ikkje kjenner oss att i måten ungane våre blir framstilt på og det er veldig uheldig, seier Marianne Aarethun Rode til NRK.no. Ho er talsmann for dei som mista husa sine i brannen i Lærdal.

Det var BT som først omtalte saka om at Lærdal kommune skal ha brukt borna til dei brannråka til å skaffe seg meir midlar. I søknaden til staten stod det at dei trong ressursar for å hjelpe borna.

Bad kommunen slutte å bruka borna

– Vi sende eit brev til kommunen frå oss representantar etter dei brannråka. Der bad vi kommunen slutte å bruke ungane våre i attreisingsplanar og andre medieoppslag. Det skal ha blitt sagt at dei er traumatiserte og hadde andre spesielle behov etter brannen som kravde fleirel stillingar i barnehage og skule. Og den kritikken står ved lag, slåt Rode fast.

Rode seier at dette ikkje har endra seg sidan dei sende inn dette brevet.

– Eg trur det heller er tvert i mot. For kvar dag vi legger bak oss, så blir tilstanden betre. Det er klart av vi har utfordringar i knytt til brannen, men det å kalla ungane våre traumatiserte er å ta munnen full.

Kommunen kravde 50 millionar kroner frå regjeringa, men fekk nyleg beskjed at den statlege støtta ikkje vart større enn ni millionar kroner.

Utfordrande å ta omsyn til

– Så det er ingen som opplever at ungane er traumatiserte etter brannen?

– Ikkje som er kjent for meg direkte opp mot oss som har mista husa våre. Men eg kan ikkje snakke på vegner av alle ungane i Lærdal kommune for det er jo snakk om mange 100 ungar, forklarar Rode.

Ho seier det vart utfordrande då dei skreiv brevet der dei var tydlege på at dette ville dei ikkje ha noko av.

– Og når dei då held fram med å bruke ungane våre, som Rådmannen gjorde seinast når Sanner var her, der han avslutta med å seie at dersom vi ikkje får meir statlege midlar så vil det direkte gå ut over born og unge, det synst vi er utfordrande å stelle oss til når vi ber dei konkret om å slutte med det.

Identifiserer borna

I attreisingsplanen nemner kommunen heilt konkret dei få ungane som har mista heimane sine. Fire av dei i barnehagen, og 3 i skulealder.

– Det er skummelt å kome med slike påstandar, men når ein les attreisingsplanen, så må ein få stille spørsmålsteikn ved det veldige talet på personell dei treng. Klart at kommunen må få att pengar til infrastruktur og den type ting, men vi som har mista husa våre har jo våre forsikringar som dekker fullt opp der. Utfordringa i attreisingsplanen er det høge tale tilsette ein ber om. Personleg meiner eg det er veldig høgt, seier Rode.

Av dei første fem millionane som kommunen har fått meiner Rode at berre 527 kroner av dei er blitt brukt på born og unge.

– Eg kan ikkje seie at det er noko konkret behov, men alle som har opplevd dette vil jo ha omsorg, det får ein ikkje nok av. Eg skjønar at dei første millionane måtte gå til direkte dekking av det som skjedde under brannen i forhold til brannberedskapen og alle som var her for å hjelpe oss, seier ho.

Ho trur og at kommunen skal ha brukt 1,2 millionar til lønn til leiing og auka møtestruktur for politikarar.

– Så ein kan ikkje seie at ungane våre er prioriterte ut ifrå det, seier Rode.

Aldri vore meininga å bruke borna

Jan Geir Solheim

LEI SEG: Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim blir lei seg når han høyrer kritikken som kjem mot kommunen.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Eg blir litt lei meg når dette blir påstått. Det har aldri vore meininga vår. Det vi har sagt er at dersom vi må til å prioritere innafor den planen som er lagt, så vil vi prioritere born og unge, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Han kjenner ikkje til at kommunen har brukt borna for å prøve å skaffe meir midlar til atterreising etter storbrannen.

– På ingen måte. Vi har lagt ein god og heilskapleg plan som vi ønskjer å få gjennomført, og det er slik eg ser på det, seier Solheim.

At enkeltpersonar skal vere identifisert i attreisingsplanen, kjenner han ikkje til, med seier det kan ha skjedd.

– Ein skal jo vere nøye når ein skriv ein slik plan og uttalar seg til media. Eg har vore veldig forsiktig med å seie ting som kan identifisere enkeltpersonar. Eg klarar ikkje å det med det som ligg føre no, seier han.

Vil prioritere borna

Solheim meiner at kommunen har forsøkt å prioritere borna, men at utfordringa er at dei ikkje fekk så mykje midlar som dei bad om.

– Eg registrerer at nokon seier vi har brukt rundt 500 kroner på skulen på Lærdalsøyri, og det meiner eg er teke heilt ut av samanheng. Fordi den første summen gjaldt akuttfasen, og då gjaldt det å dekke dei akutte utgiftene som dei andre brannkorps hadde. Så det henger ikkje saman.

Solheim fortel at planen er under revurdering no sidan dei ikkje fekk fullfinansiert heile planen av departementet.

– Og det er i den planen at prioriteringa at vi har sagt at vi vil prioritere born og unge. Vi har ikkje kome så langt enda fordi vi har ikkje finansieringa på plass.

– Eg blir litt lei meg, og vi ønskjer jo å få til ein god gjenoppbygging av heile Lærdalsamfunnet, og det er difor vi har lagt ein heilskapleg plan som også Fylkesmannen gjekk inn å støtta oss fullt ut i. Så då vert eg litt lei meg når vi får slik kritikk.