Hopp til innhold

Bøndene vil behandle fleire sjuke dyr sjølve - Veterinærforeninga kallar det uforsvarleg

Norges Bondelag vil at bønder i nokre tilfelle skal kunne behandla sjuke dyr sjølve utan å kalla inn veterinær.

Bøndene vil medisinere

VIL MEDISINERE: Leiar i Norges Bondelag, Nils Bjørke, meiner det er snakk om å få ned på papiret det som er praksis i dag. Det er ikkje Den norske veterinærforening einige med han i.

Foto: Vegard Grøtt, Odd Rømteland / NTB Scanpix/NRK

Mattilsynet arbeider no med å klargjera reglane for bruk av legemiddel til dyr.

Bondelaget pressar på for at gardbrukarane sjølve skal kunne starta opp medisinering utan at veterinæren har sett til dyret.

Dersom eit lam skulle få tydelege symptom på til dømes leddbetennelse, vil Norges Bondelag at gardbrukaren sjølv skal kunne starta medisinering utan at veterinæren har sett på dyret.

Treng opplæring

Ved det bondelagsleiar Nils Bjørke kallar rutinemessige behandlingar skal det vera nok for bonden å ta ein telefon til dyrlegen.

– Då skal bøndene også sjølvsagt ha opplæring, og det må sjølvsagt også vere i ein tett dialog med dyrlegen slik at det er heilt tydeleg at dyret treng behandling. Dette er ein praksis som er der i dag, og då er det viktig å få det ned på papiret slik at ein kan kontrollere at det fungerer etter intensjonen, seier Bjørke.

Nils Bjørke

AVSTAND: Leiar i Norges Bondelag, Nils Bjørke, peikar på at lange avstandar ofte gjer det umogleg å få dyrlege fram tidsnok.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Men veterinærforeninga deler ikkje synet til bøndene.

– Vi meiner det er uforsvarleg at dyreeigar sjølv skal vurdere kva dyr som treng behandling med tanke på føremålet med korleis vi ønskjer å ha særleg antibiotikabruken i Norge, seier fagsjef i Den norske veterinærforeining, Ellef Blakstad.

Lova er i dag uklar

Han er dermed på kollisjonskurs med bondelaget. Ein gardbrukar kan i dag hjelpa til med å behandla eit sjukt dyr i buskapen, men lova er uklar på kva konkret bonden kan gjera av medisinering og behandling.

Mattilsynet arbeider difor med ei ny forskrift «Forskrift for bruk av legemiddel til dyr» som skal klargjera dette. Ei regelendring blir tidlegast sendt ut på høyring til hausten. Veterinærforeininga flaggar allereie no sterk motstand mot at ein bonde skal få starta opp behandling utan av dyrlegen har vore i fjøsen.

– Vi meiner at det einskilde dyr må vere undersøkt og ha fått stilt ein diagnose av veterinær, samt fått sett i gang behandling, seier Blakstad.

Men det er ikkje alltid så lett å få til i praksis.

– Det er heilt greitt å gjere dette der du har kort veg til dyrlege, og han er lett å få tak i. Men i praksis i til dømes Sogn og Fjordane, så er avstandane store. Og i lemming og grising, så må dette skje fort, og du klarar rett og slett ikkje å få dyrlegen på plass, seier Bjørke.

Fryktar konsekvensar av liberalisering

Norske bønder brukar mindre medisinar på dyra sine enn kollegaer lenger sør på kontinentet. På grunn av overdriven bruk av antibiotikum strevar mange EU-land med at det bakteriedrepande stoffet ikkje lenger kverkar farlege sjukdommar. Den norske veterinærforeining er redd for at det same kan skje i Norge.

– Vi er redde for at ei liberalisering av dette vil føre til auka bruk av medisinar, særleg auka bruk av antibiotika, seier Blakstad.

Det er ikkje Bjørke samd i.

– Dette er meir snakk om å få dagens praksis inn i ordna former, der ein har betre kontroll på det som skjer enn det er i dag. Vi trur ikkje dette vil føre til meir medisinbruk, men derimot betre dyrevelferd og kjappare behandling, seier Bjørke.

Meiner dei tenkjer berre på inntening

Norges Bondelag understrekar at gardbrukarane skal kursast før dei får lov til å starta opp behandling av sjuke dyr. Det har Ellef Blakstad i Den norske veterinærforeining lite tru på.

– Veterinærar studerer i seks år for å lære seg dette. Viss ein tenkjer seg korte kurs for å finne ut korleis dyra er sjuke og korleis dei skal behandlast, så klarar ikkje vi heilt å sjå at det er forsvarleg, seier Blakstad.

Nils Bjørke i Norges Bondelag meiner veterinærforeining er vel steile i denne saka og har mistanke om at det kan liggja noko anna bak.

– Eg mistenkjer at dei kanskje tenkjer meir på innteninga til sine medlemmer og mindre på dyrevelferd, seier Bjørke.

Det vil ikkje Blakstad vere med på.

– Nei, vi gjer faktisk ikkje det. I motsetnad til det ein kan få inntrykk av frå leiaren i Bondelaget, som tydelegvis tenkjer mest på innteninga til sine eigne medlemmer, så er Den norske veterinærforeining i denne saka først og fremst oppteken av god folkehelse, god dyrevelferd og god dyrehelse, seier Blakstad.

Den nye forskrifta skal vera klar til hausten.