Hopp til innhold

Bøndene skuffa over tilbodet frå staten

SKEI (NRK): Bøndene kallar tilbodet frå staten i jordbruksforhandlingane eit skambod.

Anders Felde og Helge Melheim

SKUFFA: Fylkesleiar i Bondelaget Anders Felde og Helge Melheim som er leiar i Eid Bondelag

Foto: Silje Guddal / NRK

Bøndene vil ha 860 millionar kroner. Då staten la fram sitt tilbod i dag var det på 90 millionar kroner.

– Det gjekk eit sukk gjennom salen då tilbodet frå staten kom, seier Helge Melheim, som er leiar i Eid bondelag.

For tilbodet som landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) kom med i dag ligg altså heile 770 millionar kroner under kravet frå Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

– Dette er eit skamtilbod. Vi er misnøgde, men no skal vi gå gjennom avtalen og så blir det forhandlingar fram til 13. mai. Så får vi sjå kva som kjem ut av det, seier Melheim

Usikker på om det er noko å forhandle om

– Det finst ikkje eit snev av tilrettelegging for dei små og mellomstore bruka i tilbodet frå staten. Det seier leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde.

Bønder frå heile fylket er i dag samla på Skei, for å følgje med på jordbruksoppgjeret.

– Eg må seie eg er sjokkert over tilbodet frå staten. Det ber ikkje preg av at dei har innsett kva som er i ferd med å skje med små og mellomstore bruk. Kravet frå Bondelaget kjem dei ikkje møte på noko slags vis, seier Felde.

Med det store spriket mellom krav og tilbod, er Felde er usikker på om det i det heile tatt er noko meir å forhandle om.

– Vi er usikre på om dette er noko vi skal forhandle om. I og med at vi signerte avtalen i fjor, så blir vi allereie haldne ansvarlege for ein del av utviklinga, noko vi meiner er feil sidan endringa skjedde i 2014. Det er noko vi må ha med oss, at går vi i forhandlingar og signerer ein avtale, så kan vi bli medansvarlege. Då er spørsmålet om det er greitt, seier Felde

Reknar med brot

Helge Melheim

REKNAR MED BROT: Helge Melheim er leiar i Eid Bondelag

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi meinte sjølve at vi hadde eit moderat krav. Når staten kjem med eit slik tilbodet som dei gjer så reknar eg med at det blir brot, for dei kjem sikkert ikkje til å kome med noko meir enn dei har sagt i dag, seier Melheim.

Stemninga blant bøndene som onsdag var samla på Skei var prega av skuffelse over tilbodet frå staten.

– Vi ber ikkje for dei store bruka. Denne gongen ber vi om at inntektsutviklinga må vere til stades for dei små og mellomstore bruka . Skjer ikkje det, kjem folk til å slutte, seier Felde.