Hopp til innhold

Bondelaget stolar ikkje på jervetal

Bondelaget i Sogn og Fjordane fryktar det er fleire jerv i fylket. Det sjølv om ein rapport frå Rovdata seier noko heilt anna.

Felte jerv i Luster kommune

FELT I VINTER: Denne jerven vart i mai felt i Luster. Men bøndene fryktar det er langt fleire jervar i Sogn og Fjordane.

Foto: SNO-Aurland

Det er ikkje funne bevis for at det er jerv i Sogn og Fjordane. Det syner ein rapport frå Rovdata.

Rapporten er basert på funn av ekskrementa og hår som er samla inn i fjellet. Men det er langt frå gode nok bevis for bøndene.

- Det har vore svært vanskeleg å finne ekskrementa og hår etter jerven i vinter, så eg er stygt redd det er meir jerv enn det Rovdata meiner, seier rovviltkontakt i Sogn og Fjordane Bondelag, Marit Flatjord.

- Ingen kjende jervar i fylket

Jerven er eit frykta rovdyr for sauebønder over store delar av landet. I Sogn og Fjordane har jerven over fleire år gjort stor skade og i fjor betalte Fylkesmannen ut erstatning for 31 vaksne sauer og 115 lam som var drepne av jerv.

Rovdata, som er ei sjølvstendig eining underlagt Norsk Institutt for naturforsking, kartlegger kvart år bestanden av jerv.

Med utgangspunkt i funn av ekskrementa og hår gjer dei analysar og i år syner dei at det ikkje er fleire kjende jerv i Sogn og Fjordane.

- Vi kjenner ikkje til jerveindivid som er påviste gjennom DNA, seier leiar i Rovdata, Morten Kjørstad til NRK.no.

- Det kan likevel vere jerv

Dei to jervane som vart påviste gjennom DNA-funn var ein hannjerv og ei tispe i Sogn. Begge desse vart felte i vinter.

Sjølv om rapporten seier at det ikkje er kjende jerv i fylket, presiserer Kjørstad samtidig at dette ikkje nødvendigvis betyr at dei ikkje finst.

- Det kan vere individ som har vore i fylket som vi ikkje har funne ekskrementa og hår etter. Og det kan ha vandra inn dyr i fylket etter at vi samla inn analysematerialet, seier Kjørstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sau drepen av jerv

DETTE ER MARERITTET: Jerven har gjort stor skade i Sogn og Fjordane dei siste åra. Talet på sau tekne av jerv har gått ned, men bøndene fryktar utviklinga fort kan snu.

Foto: Statens naturoppsyn

- Eg fryktar det er fleire jerv

Stortinget har bestemt at det ikkje skal vere hi eller ynglande rovdyr i Sogn og Fjordane. Og bøndene kjempar kvart år for at det skal bli teke ut jerv i fylket.

Marit Flatjord i Sogn og Fjordane Bondelag håpar rapporten frå Rovdata stemmer, men fryktar derimot det motsette.

- I vinter vart det gitt løyve til hi-uttak på Opplandsida i Breheimen, berre fire kilometer frå grensa til Sogn og Fjordane. Dette klarte dei ikkje å gjennomføre, og det er klart det då er kort veg over til Luster herfrå, seier Flatjord og legg til:

- Vêret i vinter har vore slik at det har vore vanskeleg å finne spor etter jerv, både i form av avtrykk i snøen og ekskrementa og hår. Det er klart, eg håpar at det ikkje er fleire jerv, men eg er redd det er feil.