Hopp til innhold

«Mjølka frå Vestlandet» er blitt til «Melk fra Vestlandet»

Sjølv om kyrne og bøndene kjem frå nynorskkommunar blir dei presenterte på bokmål på mjølkekartongane til Tine. – Pinleg, meiner Noregs Mållag.

Kua Tine som er på kartongen til Lettmjølka på Vestlandet

TINE: Kua Tine har blitt kjendis etter at ho no er ansiktet utad på lettmjølka på Vestlandet. Aller helst ville ho ha vore presentert på nynorsk.

Foto: Katrine Nybø / NRK

I ein fjøs i Naustdal står det no kjendisar på rekke og rad, og du har heilt sikker sett dei på TV i det siste. Der snakkar dei raude og svarte vestlandskyrne om kor fint og flott det er på Vestlandet.

Ei av kyrne heiter Tine og dersom du drikk lettmjølk og bur på Vestlandet kan du lese om ho og matfar Atle Kringlen. Men sjølv om begge kjem frå det kanskje største nynorskfylket i landet, så må du lese om dei på bokmål.

– Dette både pinleg og feilslått marknadsføring, seier Noregs Mållag som meiner Tine med dette har trakka skikkeleg i salaten.

– Dette er pinleg

Du har kanskje lagt merke til at mjølkekartongane ser litt annleis ut om dagen? I samband med at Tine frå 9. januar har levert mjølk frå gardar i ditt nærområde kan du no bli litt meir kjent med bønder i nærområde.

På Vestlandet har fire bønder og kyrne deira blitt valde ut til å vere Tine sitt ansikt utad på mjølkekartongen. Men sjølv om alle kjem frå nynorskkommunar, har Tine vald å skrive bokmål på tre av fire av kartongane der mjølkebøndene blir presenterte.

Det er det mange som ikkje likar. Inkludert Noregs Mållag. Dei meiner Tine har gjort ein stor tabbe ved å ikkje nytte nynorsk på mjølkekartongane frå Vestlandet.

– Dette er først og fremst pinleg frå Tine si side. Samtidig er det dårleg marknadsføring og dårleg språkbruk, seier Håvard Øvregård i Noregs Mållag til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Atle Kringlen med kyrne sine

NYNORSK: Atle Kringlen i Naustdal spøkar med at kyrne berre forstår nynorsk, men meiner også litt alvorleg at gardshistoria på mjølkekartongen burde vore skriven på nynorsk.

Foto: Katrine Nybø / NRK

– Til og med kyrne vil ha kartongar på nynorsk

At folk har lyst på mjølk frå sitt nærområde er noko Tine tek meir og meir på alvor. Difor leverer dei no mjølk som kjem frå det same område som forbrukarane. Men sjølve språket på kartongane speglar ikkje akkurat den lokale tradisjonen. Tine har nemleg vald å bruke bokmål.

Mjølkebonde Atle Kringlen frå Naustdal skulle aller helst sett at gardshistoria hans var skrive på nynorsk. Då NRK møter han i fjøsen meiner han å ha full støtte frå kyrne.

– Dette er ho Tine, som er å sjå på mjølkekartongen. Ho forstår berre nynorsk, ler han.

– Det må skjedd ein glipp

Og nettopp nynorsk har Tine også brukt når dei presenterer Vestlandet på sin mjølkereklame på TV. Her får Tine og dei andre kyrne frå fjøsen til Kringlen fortelje om den fantastiske naturen på Vestlandet.

– Lat opp dørene og spring ut, seier ei av dei raude kyrne i TV-reklamen.

– Kyrne snakka jo nynorsk på TV, men på kartongane må det ha skjedd ein glipp, ler Kringlen og legg til:

– Det er jo eit dilemma, men eg skulle gjerne hatt kartongen på nynorsk.

Meiner kampanjen misser truverde

I Noregs Mållag meiner dei mangelen på nynorsk på emballasjen gjer at heile kampanjen med lokal mjølk blir mindre truverdig.

– Dette vekkjer ikkje tillit i det heile. Dette er eit eksempel på noko som bør skape uro hos Tine sine eigarar og produsentar, seier Øvregård og legg til:

– Dette kommuniserer ikkje noko lokal forankring, heller tvert om.

(Artikkelen held fram under biletet)

Atle Kringlen og kyrne

KJENDIS: Atle Kringlen sine kyr er nesten alle å sjå i Tine sin TV-reklame for mjølk på Vestlandet.

Foto: Katrine Nybø / NRK

Tine tek tilbakemeldingane på alvor

Kommunikasjonssjef for Tine VEST, Olav Håland seier selskapet har teke inn over seg tilbakemeldingane på målforma dei har brukt.

Olav Håland

ALVOR: Kommunikasjonssjef for Tine VEST, Olav Håland seier dei truleg vil bruke meir nynorsk i framtida.

Foto: Tine

At det berre er skummamjølka på Vestlandet som har gardshistoria skrive på nynorsk er noko mjølkegiganten har fått ein del tilbakemeldingar på. Håland ser klart poenget med å skrive meir nynorsk.

– Nynorsk og dialekt og mjølk er noko naturleg som stammar frå landsbygda. At det engasjerer og at dialekt og nynorsk er spesielt viktig for ei vare som mjølk er naturleg, seier Håland.

Tine tek tilbakemeldingane på alvor, og Håland seier dei i framtida mest sannsynleg vil ta i bruk meir nynorsk.

– Det er stor sjanse og nokså sannsynleg at vi kjem til å utvide nynorskbruken, seier han til NRK.no.

Vil ha mjølk og ikkje melk

Øvregard i Noregs Mållag har ei klar oppmoding.

– Eg går ut frå at Tine forstår at på Vestlandet presenterer ein mjølka på nynorsk!

Tilbake i fjøsen i Naustdal er bonden Atle Kringlen glad for at Tine vil bruke meir nynorsk på mjølkekartongane med mjølk frå hans kyr.

– Dette er eg veldig glad for!