Hopp til innhold

Blir vekke frå Anne i fire veker: «Godt det er siste gong»

Søndag dreg skiskyttar Ann Kristin Aafedt Flatland (31) på prekamp før turen går til OL i Sotsji. Heim til Ålgård og dottera Anne skal ho ikkje før 23. februar – fire veker seinare.

Ann Kristin Flatland

LENGE: Skiskyttar Ann Kristin Aafedt Flatland gler seg til OL, men er glad for at det snart er slutt på lange periodar utan dottera Anne.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Eg reiser søndag og kjem att 23. februar. Det blir om lag fire veker utan Anne, så det blir tungt, seier Flatland.

Det er første gong ho skal vere vekk så lenge frå dottera, og det er ikkje ein god tanke.

– Eg var vekk 14 dagar tidlegare i haust. Det går greitt å vere vekk når ein først har reist, men det er reaksjonen når ein kjem att eg er mest spent på, seier 31-åringen, som er frå Vangsnes.

Ser fram til å roe ned

Ho legg ikkje skjul på at det kjennest godt at det er siste gongen ho dreg vekk i vekevis, som skiskyttar, frå dottera Anne.

– Eg har kjent litt på det, og det er det som gjer at eg tek avgjerda om å gi meg. Eg tykkjer det er mykje reising, og ein vert mykje vekk i løpet av heile året. Det skal bli godt å få roa ned etter sesongen, seier Flatland.

31-åringen reiser søndag på precamp til Lenzerheide i Sveits. Så går turen vidare til Sotsji, der OL startar 7. februar.

Eg stiller på startstreken for å få med ein medalje heim. Helst gull. Eg føler eg har vist at eg kan vere med å kjempe i toppen

Denne gongen vert det ingen frå familien på tribunen, og det tykkjer Flatland er like greitt.

– Det er mykje rart som skjer i Russland, det er både langt og dyrt å reise dit, og eg hadde neppe fått treft familien uansett, så då har dei det betre heime, seier Flatland.

OL i Sotsji er det store prestisjeprosjektet til Russlands president Vladimir Putin. OL har kosta meir enn 50 milliardar dollar.

Samtidig er Putin eit hat-objekt for radikale islamistar i Russland, etter at han starta den 2. tsjetsjenske krig i 1999 der han knuste det faktiske sjølvstyret til islamistane i Tsjetsjenia.

Fryktar ikkje terror

Etter det har det vore mange terroraksjonar i Russland, og terrortrusselen mot Sotsji vart ytterlegare forsterka av to terroraksjonar 29. og 30. desember, då 34 menneske vart drepne i Volgograd.

Likevel er ikkje Flatland redd for å dra til Sotsji.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det. Men det er i bakhovudet. Likevel er eg ganske sikker på at det vert eit sikkert opplegg. Eg trur Russland legg opp til skikkeleg tryggleik, slik at det går bra, seier Flatland.

Ho har tiltru til systema som er rundt.

– Russland vil ikkje ha på CV-en sin at det skjer noko under OL. For dei er dette eit arrangement som betyr mykje, seier Flatland.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ann Kristin Aafedt Flatland skjøt full pott på begge rundene og gikk raskest under sprinten fredag kveld. Kommentatorer: Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde

Vil ha med medalje heim

Målsetjinga framfor OL er klar. Ho vil ha med ein medalje eller fleire heim, aller helst av rett valør.

– Eg stiller på startstreken for å få med ein medalje heim. Helst gull. Eg føler eg har vist at eg kan vere med å kjempe i toppen. Men då må det gjerast gode løp, seier Flatland.

Favorittdistansen er sprint, det har det alltid vore.

– Det er det som blir fortast ferdig, ler Flatland, men understrekar at ho går alle med glede.

– Det er sprint først, så får vi sjå korleis det går, seier Flatland.

Held folk litt på avstand

Det absolutt viktigaste dei neste to vekene er å halde seg frisk. Lite vil vere surare enn å måtte avslutte karrieren med å måtte stå over OL på grunn av sjukdom.

– Eg prøver å leve mest mogleg normalt. Men eg tek nokre forholdsreglar. Eg sjekkar om nokon er sjuke, og viss så er, så dreg me ikkje på besøk. Og så er me flinke til å bruke desinfiserande middel og er nøye med handhygienen, seier Flatland.

Eg tykkjer det er mykje reising, og ein vert mykje vekk i løpet av heile året. Det skal bli godt å få roa ned etter sesongen

Trykket frå media har vore stort, og no fram mot OL toppar det seg. Også når det gjeld nysgjerrige journalistar, tek Flatland grep.

– Me passar på at me møter dei ute og held litt avstand. Prøver å ikkje ha så veldig nærkontakt, seier Flatland.

Viktigaste grepet tok ho og mannen Kristian Brekken då dei valde vekk barnehage for dottera Anne (21 mnd).

- Ho har vore lite sjuk, og me har vore medvitne på kven som har passa ho. Me har i grunnen halde oss friske heile gjengen, og det er kjekt at me kan vere i lag og bruke dei siste dagane i hop før eg dreg, seier Flatland.