Hopp til innhold

Blir oppmoda om å gå med sørgeband

Transportarbeidarar landet over blir i dag oppmoda om å bere sørgeband for å vise støtte til dei pårørande etter busskapringa i Årdal måndag. Tre personar vart drepne med kniv.

Roger Hansen i Norsk Transportarbeidarforbund om sørgeband

VIL VISE SI STØTTE: Roger Hansen i Norsk Transportarbeiderforbund seier dei har oppmoda sine medlemmer om å gå med sørgeband i dag for å vise si støtte til dei berørte etter busskapringa i Årdal måndag.

– Vår tankar går til dei aller næraste, til familie, venner og kjente av dei som er råka. Dette er ei forferdeleg hending som kjem til å prege oss i lang, lang tid framover, seier Roger Hansen som er forbundsleiar i Norsk Transportarbeiderforbund.

Forbundet oppmodar no sine medlemmer om å bere sørgeband i dag etter den tragiske hendinga på Valdresekspressen. Bussen var på veg frå Årdal til Oslo, då ein asylsøkjar gjekk til angrep på bussjåføren og dei to andre passasjerane.

– Dette er ei oppmoding som vi har sendt ut med bakgrunn i at fleire av våre medlemmer ønskte å ha ei markering til støtte for familie og vener av dei som er råka. Vi vil vise at vi tenkjer på dei i den vanskelege situasjonen dei no er i. Dette ønskjer vi å markere med å gå med sørgeband, seier Hansen.

Bussjåføren, ein mann i 50-åra frå Valdres, ei 19 år gamal kvinne og ein svensk statsborgar i 50-åra vart drepne. Ein asylsøkjar frå Sør-Sudan, fødd i 1982, er pågripen og sikta for drapa.

Drap alle på bussen

Politiet fekk melding om hendinga på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin like etter klokka 17.30 i går kveld. Den første meldinga gjekk ut på at det hadde vore ei trafikkulukke, men det vart snart klart at noko grufullt hadde skjedd.

Ein av passasjerane hadde gått til angrep og drepe dei tre andre på bussen. Bilistar som kom til såg at det var i personar i bussen som trengde hjelp, men var truga med kniv då dei prøvde å ta seg inn i bussen.

Til slutt var det mannskap frå brannvesenet og ambulansepersonell som overmanna gjerningspersonen og hadde kontroll på han, fram til politiet kom til staden litt etterpå.

(Artikkelen held fram under biletet)

Politiet arbeider med sporsikring rundt busssen.

BUSSKAPRING: Tre personar vart drepne etter at ein asylsøkjar gjekk til angrep på bussjåføren og to passasjerar. Her er Kripos i gang med å gjere undersøkingar på bussen.

Foto: Øyvind Bye Skille

– Dette er eit samtaleemne

Roger Hansen i Norsk Transportarbeiderforbund, seier hendinga i går er grufull og eit samtaletema som går att blant mange i dag.

– Det er diskusjonar rundt hendinga, kva vi kunne gjort, og kva vi burde gjere. Diskusjonane er mange, og folk er uroa over dette som no har skjedd på nytt, seier Hansen.

Transportnæringa har gitt uttrykk for at dei vil møtast for å diskutere det som har skjedd. Målet er å kome fram til moglege tiltak som kan betre tryggleiken på bussane.

Samla seg til minnestund

Dei tilsette i busselskapet Jotunheimen Valdres Bilselskap (VBS) var i dag samla til ei minnestund. Bussjåføren som vart drepen i går var tilsett hos dei.

Det er andre gong i løpet av ti år at Valdresekspressen er utsett for kapring. I 2003 vart bussjåfør Audun Bødal drepen med kniv, då ein 26 år gamal mann kapra bussen i Fagernes.

– Det er vanskeleg å finne ord for det som no har skjedd igjen. Eg blir nesten stum.

– Eg synest det er veldig, veldig synd at eit selskap skal bli treft av noko slikt to gonger, seier disponent Kristoffer Kvame i AS Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap.

Kollegene til bussjåføren som ble drept i Øvre Årdal samles til minnestund på Fagernes nå i formiddag.

Trur mange vil bere sørgeband

Hansen seier det er svært viktig for forbundet og medlemmane å vise at dei har omtanke for dei som er pårørande og på andre måtar berørte av trippeldrapet.

– Det er viktig for dei som er berørte, men også for alle andre som kan få utløp for sine tankar og kjensler og vise at dei støttar kollegaer og vener i ein slik situasjon.

– Trur du oppmodinga om å bere sørgeband blir følgd opp?

– Det trur eg. I rutebilmiljøet er det slik at ein stiller opp for kvarandre i hendingar som er av denne karakteren. Eg trur det er mange som kjem til å slutte seg til dette, seier Hansen til NRK.no.