Hopp til innhold

Bli med på sjøsetting av det første vikingskipet i Gloppen på 1000 år

Etter eit år med intenst arbeid kunne båtbyggjar Kristen Arnestad endeleg sjøsette vikingskipet han har drøymt om å bygge i mange år.

Det første vikingskipet på 1000 år vart sjøsett på Sandane 30.april.

Båten er bygd av Kristen Arnestad på oppdrag frå Rune Kjørvik ved Gloppen camping. Skipet er 12 meter langt og har alle detaljane eit skikkeleg vikingskip skal ha. Foto/redigering: Runar Sandnes

– Det var veldig stas, ein festdag i aller høgste grad, seier båtbyggjaren etter at vikingskipet har fått prøve seg i sitt rette element for første gong.

Vikingskip

RØYND: Færingar har han bygd i ei årrekkje, men vikingskip var nytt for Kristen Arnestad.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Den røynde båtbyggjaren var sjølv med om bord i vikingskipet som vart sjøsett ved Gloppen camping laurdag.

– Eg var med og rodde, og alt fungerte som det skulle. Det gjekk som ein draum, fortel Arnestad.

Blir eit vanleg syn på fjorden

Med tonar frå både mannskor og spelemannslag var det duka for høgtidleg markering av sjøsettinga. Folk i vikingkostyme og vikinghjelmar var med på å gjere skape ei stemningsfull stund. Båteigar Rune Kjørvik ved Gloppen camping var begeistra over endeleg å ha båten klar til bruk.

– Eg har alltid ønskt meg ein slik trebåt, så då tenkte eg kvifor ikkje få laga ein større ein, seier han om bestillinga som han la inn hjå båtbyggaren frå sørsida av Gloppefjorden.

Austrheim Mannskor rodde vikingskipet på fjorden under sjøsettinga

Austrheim mannskor skal i år ha seglskuter og sjøfart som tema under sin haustkonsert, og dei var difor meir enn villige til å ro vikingskipet på jomfruturen. Foto: Ottar Sande

Det er truleg 1000 år sidan sist eit staseleg vikingskip var i traktene. No blir båten eit meir vanleg syn på fjorden.

– Vi har ikkje tenkt så nøye på kva den skal brukast til, men vi vil leige den vekk til folk som vil på tur med den. Den skal også riggast med segl, fortel Kjørvik.

Båtbyggaren, som har drive i bransjen sidan 80-talet, har arbeidd nærast eit heilt år med å få båten klar. For dette liknar ikkje færingane han til vanleg arbeider med.

– Det er mykje finare stamnar, og så har det drakehovud i front og baugen, hale og skjold. Så det er mykje staselegare enn ein vanleg båt, seier båtbyggjaren nøgd.

Vikingskipet fekk prøve seg i sitt rette element for første gong.
Foto: Runar Sandnes