Hopp til innhold

Jakta dei driv med er langt frå enkel

Det er ikkje noko enkelt jervejakt som i desse dagar går føre seg frå lufta i Sogn. – Det har vore krevjande, seier rovviltansvarleg Rein Arne Golf hos Statens naturoppsyn (SNO).

Ventar på å få jakte jerv frå lufta

VENTAR: Rovviltansvarleg Rein Arne Golf (t.v.) og Lars Gangås (t.h.) ventar på flyvêr så dei kan få ta til på jervejakta att. (FOTO: HEIDI LISE BAKKE/NRK)

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Jerven forsynte seg grovt frå saueflokken i fjor. I alt 850 sauer, hovudsakleg i Indre Sogn, måtte gje tapt mot rovdyret i Sogn og Fjordane i fjor.

Men dyret er ikkje lett å finne. Og no nærmar går det raskt mot ein ny beitesesong.

– Det er utfordrande for oss å operere under slike forhold, når det er så varmt om dagen og kaldt om natta, seier Rein Arne Golf hos SNO.

– Det er irriterande

I lengre tid har jegerar jakta på jerven. Frå lufta har dei sett etter rovdyret i fjellområda mellom Lærdal og Aurland.

I desse dagar pågår ei omfattande jakt med helikoter på jerv. I Sogn og fjordane blei 850 sauer tekne av jerven i fjor. Men dyret er ikkje lett og finna, og no nærmar ein ny beitesesong seg for sauene.

SJÅ TV-SAK: NRK var med jegerane på jervejakt med helikopter i Sogn. (FOTO/REDIGERING: HEIDI LISE BAKK/NRK)

– Vi veit det bur ei jervetispe der oppe i fjella. Det er berre å finne ho. Det er irriterande, seier fellingsleiar i Sør-Noreg, Lars Gangås.

I førre veke vart to jerv skotne i Sogn, men jegerane er avhengige av spor for å finne fleire. For det er fleire jerv i området. Ifølgje Miljødirektoratet sin rovbase har SNO i år fått 21 prøvar av det som truleg er jerveekskrement til analyse. Tre av desse berre siste veka.

– Krevjande

Stortinget har vedteke at det ikkje skal vere ynglande jerv i Sogn og Fjordane. Her i fylket er det beitedyra som har prioritet.

– Vi føler presset, for det er stor interesse i forvaltninga at vi skal ta ut fleire jerv her. Vi har i år hatt veldig vanskelege forhold. Det har vore krevjande, seier Golf.

– Det kan bli ein lang vår i Sogn, legg Gangås til.