Hopp til innhold

Bli med i rosehagen i Naustdal

Matias Hukseth i Naustdal har ein lidenskap for roser. Sjølv om frosten har tatt knekken på fleire hundre roser, lagar eller kjøper han seg stadig nye. Det som gjer at rosene er så fine, er det han legg ned i jorda i lag med røtene.

Rosehagen til Matias Hukseth

FINE FARGAR OG GOD DUFT: Rosehagen til Matias Hukseth i Naustdal er eit flott skue, i tilegg er det mange gode lukter.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Rosa Helena

FIN ROSE: Yndlingsrosa hans heiter Rosa Helena.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Yndlingsrosa til Matias heiter Rosa Helena og endrar farge alt ettersom den blir gammal.

– Eg veit ikkje kor lenge eg har hatt den. Dette er ei rose ein bør ha i kvar ein hage, berre for lufta sin del og den enorme blomstringa, seier han.

Blir heilt hekta

Slike store rosetre ville han gjerne ha fleire av. Men dei tek for stor plass til det. Her på eigedomen som ligg like ved kyrkja i Naustdal, har Matias over 300 roser, og han får stadig nye sortar. Han er heilt frelst i rosene sine.

Matias Hukseth

HAR MANGE TRIKS: Matias Hukseth er lidenskapleg oppteken av roser og hagen sin.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Du vert på ein måte hekta, eg trur det er like gale som narkotika.

Han kallar seg sjølv for roseoman, og bestiller det meste frå katalogar, fordi han likar å prøve ut noko nytt.

– Då desse nye katalogane kjem då er det liksom omtrent som julekvelden, når vi får tak i det. Og det må bestillast i august skal vi få tak i det til rett tid.

Han har eit eige rose-triks

Dun til rosene

LEGG DETTE I JORDA: Dun er bra for mikroorganismane i jorda.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

For å få så mange roser, blir det for dyrt å kjøpe alt. Difor lagar Matias sjølv avleggjarar. Bakepulveret bli brukt som rotningsmiddel. Men når planta skal i jorda brukar Matias noko heilt spesielt..

– No ryk siste puta, seier.

Han brukar nemleg dun av gamle puter i botnen.

Dette og fleire rose-triks kan du sjå i hageprogrammet Grønn Glede på NRK 1 tysdag 25. juni klokka 20:00.