Hopp til innhold

Bles nytt liv i gamal drifteveg

I mange år var vegen over Kamperhamrane i Oppstryn den viktigaste driftevegen frå Nordfjord og over til Gudbrandsdalen. No bles Naturoppsynet nytt liv i den gamle vegen.

Anne Rudsengen snakkar med sherpa som restaurerer den gamle driftevegen over Kamperhamrane

NYTT LIV: Vegen over Kamperhamrane i Oppstryn får nytt liv. Her er Anne Rudsengen i prat med ein av sherpaene som jobbar med restaureringa av den gamle driftevegen over fjellet.

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

– Her ser du kor stien har gått, og så rundt der og opp att der, seier Anne Rudsengen i Statens Naturoppsyn.

Ho peikar og forklarar på trinna og murane i fjellsida inst i Sunndalen i Oppstryn. Akkurat her gjekk ein av dei mest bruke ferdselsvegane over fjellet frå vest mot aust.

Denne vegen er ein av to driftevegar som riksantikvaren vil satse på. Statens Naturoppsyn har difor leigd inn sherpaer frå Nepal for å ruste opp trappevegen som går opp mellom dei blanke fjellsidene.

– Skulle dei over fjellet måtte dei finne ein plass, og når ein ser rundt seg, så er dette den beste plassen, forklarar Rudsengen.

Farleg og tungt

Mellom spegelblanke fjell, over brearmar og over snøfonner gjekk nordfjordingane med kyr og hest over Kamperhamrane til Austlandet.

Særleg etter den tidlege industrialiseringa var det pengar å tene på å selje både arbeidsdyr og storfe på andre sida av fjellet. Men å føre fedrifter over Kamperhamrane opp til om lag 1300 meter var både farleg og tungt. Difor vart det bygd 3000 steintrinn opp bratte stigninga.

– Når du kjem lenger opp ser du at det er bygt opp i svingar, og det er ganske brei veg på delar av strekninga, forklarar Rudsengen og peikar oppover.

Har henta sherpaer frå Nepal

Ferdselsvegen over Kamperhamrane er ein av to i landet Riksantikvaren vil satse på. Samstundes har Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre avgjort å restaurere ferdselsvegen. I sommar har sherpaer frå Nepal mura opp igjen steintrinna.

Sonam Tashi Sherpa er ein av dei. Rudsengen er svært godt nøgd med arbeidet.
– Det er klart, det var ikkje sherpaer som var her tidleg på 1800-talet, då vi trur denne jobben vart gjort. Men det er dei som har etablert seg her på Vestlandet som dyktige arbeidarar på å gjere ein slik jobb, seier ho.

– Kva synst du om arbeidet?

– Det er kjempebra. Dei gjer ein flott jobb, og har mellom anna klart å fjerne ein gedigen stein som hadde rasa ned i vegen.

– Dei har også held ved like og har bygd opp vegen der den har sklidd ut og blitt øydelagd, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anne Rudsengen i Statens Naturoppsyn

SPENNANDE: Anne Rudsengen synest historia om korleis driftevegen over Kamperhamrane er spennande. No får vegen nytt liv.

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

Laga steinsti som straff

Soga fortel at det var lærdølar som deserterte frå militærteneste for å hjelpe til i slåttonna heime som bygde den opphavlege steinstien. Som straff vart dei sende til Kamperhamrane for å gjere ferdselsvegen betre eigna for fedrifter.

Vidare oppover sjølve Kamperhamrane er det vanskeleg å sjå føre seg at her gjekk fedrifter. På toppen er vi 1300 meter over havet. Det er vidt utsyn mot Oppstrynsvatnet i vest og langt inn i Raudalen i Skjåk kommune i aust. Store siktevardar fortel at vegen også vart nytta i dårleg vêr.

– Her er det stupbratt ned til vatnet, og vi ser at det her er mindre brear og snøfonner som blir liggande heile år.

- Spennande historie

Ofte kasta folk seg med når det gjekk drifter over fjellet. Då fekk dei tryggare føring om dei skulle på handel eller friarferd. Dei historiske kjeldene fortel også om at vegen over Kamperhamrane førte til at mange nordfjordingar busette seg på Austlandet.

Ei stund var det faktisk tale om at dagens ferdselsåre, Strynefjellsvegen, mellom aust og vest skulle gå opp Sunndalen og over Kamperhamrane.

– Ein av grunnane til at det er ein nasjonalpark er jo historia knytt til ferdsel rundt breen. Det er også tydelege ting i landskapet som folk kan kome sjå og la seg fascinere av, seier Rudsengen.