Hopp til innhold

Blei fråstolen felgar til 45 000 kroner

Lasse Grønli Høyvik frå Høyanger trudde nesten ikkje sine eigne auge, då han måndag fann bilen sin utan hjul.

Fråstolen felgar

FREKKE TJUVAR: Natt til måndag har nokon stole felgar til ein verdig av 45.000 kroner i Høyanger.

Foto: Lasse Grønli Høyvik

Bilen som hjula stod på er ikkje kvardagsbilen og har stått ute i påvente av at han fann ein stad der den skulle lagrast innandørs.

– Då eg kom frå jobb i tretida natt til å måndag så tenkte eg at eg skulle grave den fram frå snøen.

Då han kom til staden der bilen stod såg han ein annan bil køyre frå staden. Han tenkte ikkje meir over det før han måndag skulle sjå om bilen. Då stod den der utan hjul.

Lasse Grønli Høyvik

FANN BILEN UTAN FELGAR: Lasse Grønli Høyvik.

Foto: Privat

– Eg fekk nesten sjokk. Eg trudde ikkje at eg skulle oppleve noko slikt i vesle Høyanger.

Bilen, ein Nissan 200 SX S14, er ein sportsbil som Grønli Høyvik har som hobby-bil. Dei fleste brukar denne typen bil på bane, men Grønli Høyvik sin bil er registrert for bruk på veg. På den påkosta bilen stod det også nokre sjeldne felgar.

Fråstolen felgar

BILEN MED FELGAR: Bilen som dei stolne felgane stod på er ein Nissan 200 SX S14.

Foto: Lasse Grønli Høyvik

– Felgane er av merket Volk GTV, og det er det er ikkje mange som køyrer med i Norge. Prislappen ligg vel på 45.000 kroner.

Grønli Høyvik har meldt saka til politiet, og lagt den ut på ulike sider på sosiale medium.

– Eg får berre håpe at eg får igjen felgane. Det er berre å vente og sjå, det er ikkje anna å gjere.