Hopp til innhold

To bilar krasja på Byrkjelo

Dei to involverte bilane var ikkje køyrbare etter kollisjonen, men ingen personar kom til skade.

Bilulukke på Byrkjelo

Politiet fekk melding om trafikkulukka klokka kvart på sju i kveld.

Naudetatane rykte ut til ulukka, som skjedde ved eit kryss på ein sideveg inn på E39.

På grunn av ein travel kveld har politiet enno ikkje kome på staden, halvanna time etter meldinga kom inn.