Hopp til innhold

Brita Olin vart påkøyrd – føraren køyrde berre vidare

Medan Brita Olin Birkeland (16) vrei seg i smerter etter påkøyrsla, køyrde bilføraren vidare. – Det kjennast ut som eit mareritt, fortel kjærasten Robert Fureli (16).

Brita Olin Birkeland og Robert Fureli

ANKELBROT: Brita Olin Birkeland og Robert Fureli har ei oppmoding til bilføraren som køyrde på Brita Olin og stakk av: – Ein må tenkje over kva ein gjer i trafikken, og dersom ein merkar noko så er det betre å sjekke etter og i alle fall ikkje få panikk og stikke av, seier 16-åringane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var under ein joggetur i Førde tysdag kveld at påkøyrsla skjedde.

NRK møter kjærasteparet på Førde sentralsjukehus, der Brita Olin Birkeland ventar på operasjon for ankelbrot.

– Alt var som ein draum. Eg skjønte ingenting før eg fekk ein dytt i sida, fortel 16-åringen.

Kryssa E39

Påkøyrsla skjedde då paret kryssa gangfeltet på E39. Dei stogga og sprang først ut i gangfeltet då bilen som kom i retning Førde sentrum stogga.

Overgangsfelt ved Biltema

OPPLYST: Det var i 1930-tida at kjærasteparet kom ned denne gangvegen og skulle over E39 då påkøyrsla skjedde. – Hadde han stogga, så hadde det hjelpt oss litt meir. Eg trur ikkje vi hadde blitt så redde, seier Robert Fureli, som jogga framføre Brita Olin, om bilisten som stakk av etter påkøyrsla.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Då vi var nesten over kom det ein bil i retning Jølster. Eg såg den, men trudde den stogga, seier Brita Olin til NRK.

Det gjorde den ikkje. Etter påkøyrsla bremsa bilen opp, men køyrde vidare. No har bilen etterlyst.

– Må ha merka det

Robert Fureli konsentrerte seg om kjærasten, men registrerte fleire bilar køyre forbi.

Ankelbrotet til Brita Olin Birkeland

BROT: Grunna hevelsen må Brita Olin Birkeland truleg vente til fredag med operasjonen.

Foto: Røntgenbilete

– Eg hugsar at ho rulla rundt på bakken og at eg prøvde å få henne på beina. Etter at ho hadde lagt seg på fortauet, stogga eg ein bil. Like etter kom det ei til, fortel han og seier det var fortvilande å sjå bilane køyre forbi.

Kjærasteparet vart køyrt til sjukehuset i Førde. Røntgen konstaterte ankelbrot.

Brita meiner føraren må ha merka påkøyrsla.

– Eg håpar føraren trudde det gjekk fint. Vedkommande må ha sett meg og merka at eg vart treft av sida på fronten hans.

Opplyst gangfelt

– Kunne de gjort noko annleis då de kryssa vegen?

– Vi hadde ikkje refleksvest, men vi hadde refleks på jakkene. Vi kunne sikkert hatt meir refleks. Kanskje vi kunne gått i staden for å jogga? Då kunne vi kanskje stogga før bilen kom.

Pappa Olav Birkeland er tvilande til at refleksvest ville endra mykje.

– Ein kan alltids ha meir refleks, men eg trur ikkje det var feilen denne gongen. Det er eit veldig opplyst gangfelt, seier han.

– Kunne gått mykje verre

Han er glad for at det «berre» vart eit leggbeinsbrot. Påkøyrsla kunne gått mykje verre.

Han oppmodar bilisten og vitne om å melde seg.

– Det er gale at ein ikkje skal føle meir ansvar når ein køyrer. Ein må stå til rette når ein gjer noko gale og ein oppdagar det, avsluttar han.