Hopp til innhold

Politimeld etter tunnel-brann

Brannen i ein bergingsbil i Lærdalstunnelen natt til i dag blir no ei sak for politiet. Det synte seg at dei køyrde utan dispensasjon og påkravd følgjebil.

Lærdalstunnelen

ARKIVFOTO: Lærdalstunnelen var stengd i nær ein og ein halv time då det byrja å brenne i ein svensk bergingsbil natt til tysdag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Politiet meldte like før klokka 12 i dag at den svenske bergingsbilen no vert undersøkt ved Håbakken trafikkstasjon i Lærdal.

– Dei er no melde for køyring uten dispensasjon og følgjebil, då det synte seg at dette ikkje var berging, men transport av ein buss, opplyser politiet.

Undersøkingane syner også at havari i eit hjullager er årsaka til brannen inne i verdas lengste biltunnel.

Personen som vart frakta til sjukehus for utvida undersøking, er no utskriven.

Ein bergingsbil byrja like over midnatt å brenne i den 24,5 kilometer lange Lærdalstunnelen på E16.

Bergingsbilen var på veg til Sverige med ein buss då den byrja å brenne kring åtte kilometer inne i tunnelen frå Aurlandssida.

Brannen vart raskt sløkt av ein norsk vogntogsjåfør som kom til staden.

  • Har du bilete eller video frå brannen? Tips oss på sf@nrk.no eller 03030

– Det har truleg teke fyr i samband med bremsesystem. Skadeomfanget er uvisst, men bergingsbilen køyrde til Håbakken for eiga maskin, opplyser operasjonsleiar Kjetil Drange ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ingen personskade

Bilbergingsbil byrja å brenne

TOK FYR: Det skal ha byrja å brenne ved eine bakhjulet til bergingsbilen.

Foto: Jan Christian Jerving

Alarmsentralen fekk melding om brannen ni minuttar over midnatt. Nær 20 brannmannskap frå brannvesenet i Lærdal og Aurland vart sendt til tunnelen som er verdas lengste bilvegtunnel. Også politi og ambulansar vart sendt til staden.

Brannen vart meldt sløkt klokka 0033. Det var tre personar i bergingsbilen.

– Ingen personar vart skadde i brannen, men ein personar vart transportert til sjukehus for observasjon. Ein annan, den som sløkte brannen, vart kontrollert på staden og har fått status uskadd, seier Drange.

Har fått køyreforbod

Med brannen i Gudvangatunnelen friskt i minne, skjedde brannen i Lærdalstunnelen på ei tid med lite trafikk.

Alarmsentralen oppmoda meldar av brannen natt til tysdag om å fjerne eit brannsløkkingsapparat, noko som automatisk stengde tunnelen.

Tunnelen vart meldt open for fri ferdsle klokka 0122.

– Bergingsbilen har på grunn av brannen fått køyreforbod og pålegg om teknisk gjennomgang før den får køyre vidare. Saka blir etterforska vidare ved lensmannskontoret i Lærdal, seier Drange.