Hopp til innhold

Bil i høg fart enda i fjellveggen

Ein bil med tre personar snurra av vegen ved Haukåvatnet i Flora. Ifølgje politiet hadde bilen slitne dekk. Dette kombinert med høg fart reknar dei med var årsaka til ulukka.

Ulukke Haukå
Foto: Truls Kleiven

– Det var tre ungdomar i bilen. Ein person vart sjekka av ambulansepersonell etter klager på smerter i hovudet, men ingen er sende vidare til lege, opplyser operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Bilen blokkerte delvis ei køyrebane, men trafikken gjekk greitt forbi, ifølgje politiet.

Ulukke Flora