Hopp til innhold

Kvinne i 20-åra til sjukehus etter at bilen ho køyrde hamna på taket

Ei kvinne i 20-åra er sendt til Førde sentralsjukehus i ambulanse etter at bilen ho køyrde hamna på taket.

Biluhell ved Massneset

Trafikkuhellet skal ha skjedd ved Massneset på Fv8 på Høyanger sørside.

– Sjåføren er på veg til Førde i ambulanse, men skadeomfanget er førebels ikkje kjent, opplyser Inge Værøy ved politiets operasjonssentral.

Bilen skal ha kome utfor vegen i ein høgresving og ut i ei hole som gjorde til at bilen tippa framover og gjekk rundt og hamna på taket, forklarar Værøy.

– Føraren av køyretøyet skal ha vore åleine og har no kome seg ut, opplyste Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt kort tid etter uhellet.

Det er uvisst om føraren skal ha kome seg ut på eiga hand eller om han har fått hjelp.

Både ambulanse og politi vart tilkalla til staden. Kvinna var på veg frå Oppedal til Bjordal.

Årsaka til at bilen køyrde utfor er førebels ikkje kjent. Bilberging er på staden.