Hopp til innhold

Bil med to personar har køyrt av vegen i Flora

Ulukka skjedde på Tonheimstranda like vest for Eikefjord. Bilen knekte ein del stolpar i rekkverket før den til slutt hamna i ei i stikkrenne på oversida av vegen.

Ulukke ved Eikefjord

SMERTER: Ein kvinneleg passasjer klaga over smerter i kroppen etter uhellet som skjedde på riksveg 5 like vest for Eikefjord.

Foto: Thor Eirik Areklett

Politiet fekk melding om hendinga like etter klokka halv eitt i dag. Dei melder at bilen køyrde vestover då hendinga fann stad. Det var våt asfalt og temperaturen var ca. 5.5 grader då ulukka skjedde.

Brann, helse og politi rykka ut til staden

Ein kvinneleg passasjer klaga over smerter i kroppen etter uhellet. Det er ikkje mistanke om rus, men politiet kverrsette førarkortet mellombels.