Hopp til innhold

Bil køyrde inn i steinras på E39

Fleire steinar raste ned i vegen ved Vadheim søndag morgon, men det viste seg å ikkje vere fullt så dramatisk som dei to førre rasa på E39.

Steinras ved Vadheim

Politiet fekk melding om raset klokka 06.30. Meldinga gjekk også på at ein bil hadde køyrd inn i steinane. Ifølgje politiet har raset gått om lag 500 meter frå Vadheim.

– Vi har ikkje fått opplyst at det er snakk om personskade og vi oppfatta det heller ikkje slik, seier operasjonsleiar for politiet, Per Rimmen.

Det var heile tida passering på staden. Føraren av bilen som køyrde inn i steinane tilkalla sjølv bilbergar.

– Han har fått skade på køyretøyet og måtte ha hjelp får komme seg derifrå. Han var ein av dei som melde ifrå, seier Rimmen.

Ut frå det Vegtrafikksentralen har det kome ned ein del steinar omtremt på storleik med fotballar, men klokka 07.19 fekk entreprenøren stasfesta at steinane var fjerna.

Ifølgje ein innringar skal bilen som køyrde i steinane ha punktert, og det er usikkert om det var meir materielle skader på bilen.