Bilen køyrde i grøfta like før klokka 09.00 søndag morgon, og ingen andre bilar var involverte. Føraren var åleine i bilen og skal ikkje vere alvorleg skadd, ifølgje politiet.
Både brannvesen, ambulanse og politi kom til staden kort tid etter ulukka.
Ifølgje politiet er det mistanke om køyring i rusa tilstand. Det vil bli teke blodprøve av føraren, og førarkortet vil bli kverrsett.
Klokka 09.42 melder politiet at dei er i ferd med å avslutte på staden. Det er førebels ikkje kjend kva retning bilen kom frå.