Bilulukke Rå - SKADD: Ein person vart skadd då denne bilen hamna i fjellveggen på Rå mellom Lavik og Vadheim på E39. - Foto: Sverre Benjamin Gallefoss /

SKADD: Ein person vart skadd då denne bilen hamna i fjellveggen på Rå mellom Lavik og Vadheim på E39.

Foto: Sverre Benjamin Gallefoss

Lettare skadd i hard krasj

Ei 27 år gamal kvinne vart til alt hell berre lettare skadd då ho køyrde i fjellveggen ved Rå mellom Vadheim og Lavik måndag ettermiddag.

Luftambulanse, politi og brannvesen rykka ut til ulukka som skjedde ved Rå, om lag åtte kilometer aust for Lavik.

Bilførare vart flydd til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

Politiet veit førebels ikkje årsaka til ulukka. Meldinga om trafikkulukka kom klokka 13:55.

– Kvinna vart lettare skadd i ulukka og er innlagt på vanleg avdeling, opplyser AMK til NRK måndag kveld.

Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.
I dag blei den siste biten av det ferjefrie vegsambandet frå Bremangerlandet til Svelgen opna. Og frå i dag er turen inn til kommunesenteret 4 mil kortare enn før og skjer tvers gjennom den vesle bygda Bortnen.