Hopp til innhold

Bil køyrde av vegen og ut i elv

Ein personbil hamna torsdag ettermiddag i elva like midt i Vadheim sentrum. Bilføraren var ei tid innesperra i bilen, men er no berga ut av bilen.

Bil hamna i elva midt i Vadheim sentrum

BIL I ELVA: Bilen skal ha drege med seg ein del rekkverk før den hamna i elva midt i Vadheim sentrum.

Foto: May Britt Eide, Ytre Sogn avis

Alle naudetatane rykte ut etter at det klokka 15.22 torsdag ettermiddag kom melding om ei utforkøyring midt i Vadheim sentrum.

Ein personbil hadde køyrt av vegen og drege med seg ein del rekkverk før den hamna midt ute i Hovlandselva. Dette er ei elv som går under fylkesveg 55 på veg frå Vadheim mot Høyanger.

Sat innesperra i bilen

Det skal ifølgje politiet vere ein person i bilen. Den kvinnelege føraren skal ha sete innesperra i bilen i over 40 minutt før ho vart henta ut av redningsmannskap.

Ifølgje politiet kom ein lokal transportør raskt til staden med ein kranbil med korg, og ved hjelp av denne fekk mannskap på staden berga kvinna ut av bilen.

Klokka 16.08 opplyser politiet at kvinna er trygt på land. Ho skal vere bevisst.

Redningsmannskap hadde heile tida kontakt med bilføraren.

Mannskap som kom til staden starta umiddelbart med å sikre bilen som stod midt ute i den strie elva. Klokka 15.55 opplyste politiet at dei venta på ein kranbil som skulle hjelpe til med å få bilen og føraren på land.

(Artikkelen held fram under)

Bil hamna i elva mellom Vadheim og Høyanger

STRI ELV: Bilen hamna i elva som gådt midt i Vadheim sentrum. FOTO: Marcel Madro.

Har kverrsett førarkortet

Politiet opplyser torsdag ettermiddag at kvinna er send til sjukehus for sjekk, men truleg er det berre snakk om lettare skader.

På bakgrunn av opplysingar politiet har fått i etterkant av hendinga har dei valt å kverrsette førarkortet til den kvinnelege bilføraren. Politiet vil ikkje gå i detaljar om kvifor.

Saka vert vidare etterforska av Høyanger lensmannskontor.