Hopp til innhold

Bil med tre personar køyrde i Sognefjorden - alle er henta opp

Ein bil med tre personar i, køyrde like etter klokka 17 i Sognefjorden. Bilen skal ha køyrt rett utfor Hella ferjekai. Dei tre personane er no sende til Førde sentralsjukehus.

Ein personbil hamna i fjorden på ferjekaia på Hella fredag ettermiddag.

– Politiet fekk kl. 17.13 om at eit einsleg køyretøy hadde køyrt utfor ferjekaien på Hella, fortel operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjetil Drange.

Det skal ha vore tre personar i bilen, og bilen skal ha køyrt utfor på ferjekaien som er ytterst.

– Dei tre personane skal ha komme seg ut av bilen. Helsetilstanden må vi komme tilbake til, seier Drange.

Det er førebels uklart korleis ulykka har hendt.

To av personane skal ha komme seg ut av bilen på eiga hand, medan den tredje vart henta ut.

Ambulansehelikopter har landa i Balestrand. Dei tre personane som var i bilen vert frakta over fjorden med ferje, og det vil bli vurdert om dei skal ha vidare transport med ambulanse der ifrå.

Vêrforholda er slik at helikopteret ikkje kunne lande på Hella.

Hella ferjekai ligg i Leikanger kommune om lag tre mil frå Sogndal sentrum. Ferjekaien er i botn av ein liten bakke. Det snøar tett på staden, og det skal vere svært glatt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ved kaien

SNØA TETT: Det snøa tett då ulykka skjedde og i tida etter. Politiet opplyser at det var svært glatt på staden.

Foto: Christian Blom / NRK

Kjenner ikkje til helsetilstanden

Politi og ambulanse er på staden. Klokka 17.50 var det førebels berre brannvesenet som er på plass på skadestaden, men ambulanse skal no vere på plass.

Drange kjenner ikkje til tilstanden til nokon av dei tre personane som var i bilen.

– Det er for tidleg å seie noko om det, seier Drange.

Han fortel at bilen har køyrt rett utfor ferjekaien.

– Har dette skjedd i samband med ombordkøyring på ferja?

– Det må vi komme tilbake til, seier Drange.

Ferjene går kriserute

Ulykka førte til at all ferjetrafikk i Balestrandsektoren, på sambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes, ei stund var innstilt. I 18.30 tida er det innført kriserute i Balestrandsektoren.

– Vi går frå Dragsvik no, så skal vi innom Hella, før vi går til Vangsnes, opplyser dei frå styrehuset på M/F Lærdal.

Dei vart dirigerte til Vangsnes rett etter ulykka for å plukke opp ambulansen som kom frå Vik.

– Vi går med ei ferje førebels, til vi får beskjed om noko anna, vert det opplyst frå M/F Lærdal.

Politiet jobbar med å få oversikt over situasjonen, og han kan ikkje seie noko om når ferjene tek til å gå som normalt.

– Folk i området må belage seg på ein del venting, seier Drange.


NRK oppdaterer saka