Hopp til innhold

Bil hamna på taket i skulehussvingen

Ein bil køyrde i føremiddag utfor vegen i den sokalla skulesvingen i Jølster kommune.

Gjekk rundt i Skulehussvingen på Eikås

GJEKK RUNDT: Skulehussvingen på Eikås i Jølster er utsett for magne ulukker. I dag gjekk ein bil rundt på det glatte føret.

Foto: Oddleif Løset

– Bilen hamna på taket i skulesvingen på Eikås, opplyser vakthavande ved Alarmsentralen til NRK.

Det skal ha gått bra med dei involverte. Politiet opplyser at det er ei utforkøyring utan personskade, og at dei ikkje er kopla inn.

Det er langt frå første gong uhell skjer i skulehussvingen. Ein fjerdedel av ulukkene i Jølster kommune skjer nettopp der, og seinast i september vart ein mann alvorleg skadd.

Skulehussvingen Eikås