Hopp til innhold

Bil hamna på taket etter utforkøyring

Ei kvinne i 20-åra er sendt til legesjekk etter at ho køyrde bilen utfor vegen og hamna opp ned i ei skråning ovanfor ei steinrøys.

Her blir bilen dratt opp att på vegen etter utforkøyringa.

VART BERGA: Her blir bilen dratt opp att på vegen i samarbeid mellom bilbergar og brannvesenet.

Litt over fem fekk politiet melding om at ein personbil hadde køyrt av vegen på fylkesveg 610 mellom Sande og Viksdalen. Det var ein person i bilen, ei kvinne i 20-åra.

Alle naudetatar vart kalla ut, i tillegg til luftambulanse.

Kvart på seks melde politiet at kvinna er berga ut av bilen. AMK opplyser at ho er sendt til legevakt for ein sjekk.

– Det står tilsynelatande bra til med vedkomande, det skal ikkje vere snakk om alvorlege skadar, seier Kai Myklebust ved operasjonssentralen i Florø.

Han fortel at bilen har hamna utfor vegen og ligg no opp ned i ei skråning ovanfor ei ur. Fotografen vår på staden fortel at eit tre stod i vegen for at bilen ikkje hamna i kast nedover steinura.

– Det er ingen andre som står i fare viss den skulle gje etter. Brannvesenet og bilbergar driv no med sikringsarbeid på staden, seier Myklebust.

Saka vil rutinemessig bli følgt opp av Førde lensmannskontor.