Hopp til innhold

Besøk vakre hagar

Bli med på besøk til fleire vakre hagar i Sogn og Fjordane. Møt folk som legg heile si sjel og mykje av fritida si i hagen.

Hagen til Torunn Føllesdal Utnes og Arve Idar Utnes
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sjå den unike rosehagen, den lettstelte, den hardføre og hagen ingen trudde kunne lagast.

Utsikt mot vest frå hagen i Vedvik.

Grøn glede i Vedvik

Torunn Føllesdal Utnes og Arve Idar Utnes har laga seg ein flott hage på Stad. Dei har mange triks for å få plantene til å trivast i så verhardt klima.
Sjå video av den hardføre hagen

Unik rosehage

Bli med Gudrun Marie og Åsmund Standal i Flora til den store, flotte rosehagen deira. I denne hagen finn du 500 roser. Dei to hadde landets største utval av historiske roser tidlegare. Difor er hagen full i historiske roser.
Sjå video av den unike rosehagen

Grønn Glede i Naustdal

Steinar Amundsen kan det latinske namnet på alle plantane sine. Han er ein skikkeleg hage-entusiast! Hagen er livsverket hans. Ingen trudde han kunne bygge hage på tomta si, men han har motbevist pesimistane.
Sjå video av Steinar sin hage

Marit Mjelva Henden
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Lettstelt hage

Marit frå Gloppen har gjort om hagen sin til eldre-hage.
Sjå video frå eldrehagen

Gartneriet på Torheim.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Frå ur til gartneri

For 30 år sidan var det berre fjell og urar på Torheim i Eid. Gartneriet er no det største i regionen og produserer, dyrkar fram og sel alle typar uteplantar. Jarle og Aud Torheim har gjort plassen om til eit levebrød. Dei vil at gartneriet skal vere ei oppleving utanom ei vanleg butikkrunde.
Sjå video frå gartneriet i Eid.