Hopp til innhold

Berre Bremanger står åleine – sjå kven som snakkar om samanslåing

Så godt som alle kommunar i Sogn og Fjordane er i gang med drøftingar med naboar om samanslåing. Berre kraftkommunen Bremanger står så langt heilt på sidelinja.

Rådhuset til Bremanger kommune

GÅR EIGNE VEGAR: Mens andre kommunar er godt i gang med nabosamtalane, held politikarar og kommuneleiing i Bremanger seg førebels rolege. På biletet: Rådhuset i Svelgen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Rådmann i Bremanger, Tom Joensen

JOBBAR INTERNT: – Bremanger har valt å gjere sin eigen analyse, før ein eventuelt går i samtalar med naboar, seier rådmann Tom Joensen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er mange som har signalisert at dei ønskjer å drøfte ei mogleg samanslåing med Bremanger. Men i Bremanger har vi valt ei litt anna tilnærming til dette, seier rådmann Tom Joensen.

Kystkommune avheng av Bremanger

Gjennom Kommunereforma vil regjeringa ha færre og større kommunar. Tidsfristane er korte, og ting skjer fort.

Ein oversikt Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har utarbeidd, viser at mange snakkar saman. Alle kommunar, forutan éin, greier no ut ei rekkje alternativ til samanslåing. Lengst er kommunane i Sunnfjord komne, der det alt er skrive intensjonsavtaler for ein storkommune i tre ulike storleikar, med Førde som senter.

Plassert midt mellom Flora og Vågsøy er Bremanger sjølve akilleshælen i mange på kysten sin storkommune-draum: Ein kystkommune der dei maritime miljøa i Florø og Måløy finn saman. Men så langt har ikkje politikarane på rådhuset i Svelgen late seg lokke av naboane si kurtisering.

Bremanger/Sogn og Fjordane

Spør innbyggjarane undervegs

I kraftkommunen som har komme seg over kneika etter Terra-skandalen er oppfatninga blant mange at ein er best tent åleine.

– Vi gjer no ei kartlegging og ein analyse internt, før vi eventuelt går i dialog med andre kommunar for å diskutere ei mogleg framtidig samanslåing, forklarer rådmannen.

Han seier ein parallelt med dette arbeidet vil rådføre seg med innbyggjarane. Bremanger kommune har alt arrangert fleire folkemøte.

– Vi meiner det er viktig at folk i Bremanger er klar over kva intensjonen med dette er, kva utvikling vi kan forvente i framtida, før dei gir signal til politikarane. Kommunestyret sitt oppdrag er å sikre best moglege tenester til innbyggjarane også i framtida.

Åleine, Sunnfjord eller Nordfjord

Rådmannen har ei klar oppfatning om kva som er folkeviljen i Bremanger, per dags dato.

– Storparten meiner at Bremanger kan klare seg som eigen kommune, også i framtida. Når det gjeld eventuelt samarbeid, så er det tydeleg at det sprikar litt. Dei som bur på nord i kommunen er nordfjordingar og ser heilt klart mot Nordfjord. Andre deler av kommunen ser sørover mot Flora. Slik er det også blant politikarane, seier Tom Joensen.

Også i Luster vil mange halde fram som eigen kommune. Kommunen deltek likevel i Sogn regionråd sine utgreiingar.

Her er Fylkesmannen sin oversikt over mogelege storkommunar:

Nordfjord:

Separate utgreiingar med to hovudalternativ:

Eid rådhus

NEPPE HEILE NORDFJORD: Eid og ordførar Alfred Bjørlo har ønskt seg ein storkommune med heile Nordfjord. Stryn har sett foten ned, og eit ytre og eit indre alternativ blir no greie ut.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Eid, Stryn, Hornindal og Gloppen – tilsett prosjektleiar, vedteke prosjektdirektiv og utarbeidt framlegg til prosjektrapport/utfordringsdokument med fem alternativ for samanslåing:

  • Eid, Gloppen, Hornindal og Stryn
  • Eid, Hornindal og Stryn
  • Eid og Gloppen
  • Gloppen, Hornindal og Stryn
  • Hornindal og Stryn

Eid, Selje og Vågsøy – tilsett prosjektleiar, vedteke prosjektdirektiv og i startfasen for prosjektrapport/utfordringsdokument som grunnlag for utgreiing av alternativ. Det er ikkje avklart om Vanylven blir med i prosjektet. Planlegg innbyggjarkartlegging saman med Gloppen, Stryn og Hornindal.

Førde rådhus

TRE ALTERNATIV: Førde er peika ut som senter både for ein storkommune med heile Sunnfjord + Gloppen og HAFS, Sunnfjord-kommunane og eit Indre Sunnfjord-alternativ.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Sunnfjord

Felles utgreiingar med tre alternativ:

  • Førde, Jølster, Gaular, Naustdal, Flora, Fjaler, Askvoll, Hyllestad og Gloppen.
  • Førde, Jølster, Gaular, Naustdal, Flora (SIS-kommunane og omtalt som stor-SIS).
  • Førde, Jølster, Gaular, Naustdal (omtalt som liten SIS).

Alle kommunestyra har vedteke intensjonsavtalar med ni kommunar. Solund har og slutta seg til dette alternativet. For alternativa stor og liten SIS, er det og gjort vedtak på intensjonsavtalar.

HAFS

Ei felles utgreiing:

  • Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund

Denne utgreiinga er samordna med prosessen i Sunnfjord, og intensjonsavtale er vedteke i kommunestyra. Skal prioritere innbyggjarmedverknad saman med SIS.

Hyllestad, Høyanger, Balestrand

Gulen kommunehus

SER SØROVER: Gulen kommunar er i samtalar med Masfjorden og Solund. Gulen kan også bli ein del av eit stor-Nordhordland med Knarvik som senter.

Gjennomført felles møte, klar med utkast til intensjonsavtale som skal i kommunestyra i oktober. Høyanger og Balestrand har gjennomført eigne innbyggjarkartleggingar.

Gulen og Solund

Felles utgreiing saman med Masfjorden i Hordaland.

Sogndal kommunehus

KVEN FÅR SOGNDAL MED SEG? Sogndal er eit naturleg senter for ein framtidig storkommune i Sogn. Alternativa til kven ein går i ekteskap med er mange.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sogn regionråd

Ei felles utgreiing for kommunane: Høyanger, Balestrand, Vik, Leikanger, Sogndal, Luster, Lærdal, Årdal og Aurland.

Har bede Telemarksforsking om å greie ut alternativa:

  • Alle kommunane i Sogn regionråd
  • Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Aurland, Lærdal og Årdal
  • Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster og Lærdal
  • Sogndal, Leikanger og Luster
  • Årdal, Lærdal og Aurland
  • Høyanger og Balestrand
Aurland Kommunehus

MANGE ALTERNATIV: I Aurland vil ein helst stå åleine, men kommunen greier ut både aksen Årdal, Lærdal, Aurland, samarbeid sørover mot Voss, og stor-Sogn.

Foto: Merete Høidal / NRK

Utgreiinga for desse alternativa skal vere klar til 1. oktober.

Vik, Aurland og Voss

Skal gjennomføre utgreiingar og følgjer tidsplanen til det store alternativet i Sogn.

Bremanger

Gjennomfører forstudie før vidare val om ev. felles utgreiingar. Kommunestyret skal ta stilling til eigen kommune eller retningsval for felles utgreiingar innan september/oktober.

Kystalternativ

Flora bystyre har gjort vedtak om utgreiing, og inviterer med andre aktuelle kommunar. Flora har også skrive under intensjonsavtale om stor-Sunnfjord med Førde.

(Kjelde: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)