Hopp til innhold

Berre 800 innbyggjarar, men avviser kommunesamanslåing

SOLUND (NRK): Ein av dei minste kommunane i landet vil fortsette å vere blant dei minste, og ønskjer ikkje kommunesamanslåing. – Vi står best åleine, seier ordførarkandidat Gunn Mongstad (Sp).

Gunn Mongstad

SJØLVSTENDIG: Gunn Mongstad meiner det vil vere klart best for innbyggjarane at Solund held fram som eigen kommune.

Foto: Bård Siem / NRK

Vallogo

Senterpartiet sin ordførarkandidat, Gunn Mongstad, viser oss stolt rundt i det idylliske kommunesenteret Hardbakke i Solund. Her kan ein nå alt til fots og her kjenner alle kvarandre. Slik ønskjer Mongstad at det skal vere også i framtida.

– Eg trur på verdien som ligg i lokalkunnskapen og samhandlinga mellom dei ulike sektorane. Dette er vi veldig gode på i kommunen vår, noko eg er redd vil forsvinne dersom vi blir ein utkant i ein større kommune, seier ho.

– Men treng å ha eigen ordførar, eigen rådmann og ein eigen administrasjon for å styre 800 menneske?

– Det viktige ein kommune gjer er å yte gode tenester til innbyggjarane. Dei fleste tilsette i kommunen jobbar innan helse og skule. Vi har få personar i kommuneadministrasjonen, seier ho.

Eg trur på verdien som ligg i lokalkunnskapen.

Gunn Mongstad

Nedslite skulebygg

Vi går forbi dei to skulebygga på Hardbakke. Medan barneskulen ser ny og fin ut, får ein eit heilt anna inntrykk av ungdomsskulen. Det store murbygget frå 1960-talet har fleire sprekkar i veggane, mykje av målinga har losna og på mange av dørkarmane er rotninga i full gang.

Ungdomsskulen i Solund

Ungdomsskulen i Solund treng oppussing, men politikarane vurderer også om det skal byggjast ny skule.

Foto: Bård Siem / NRK

– Kan de tilby elevane ein slik skule i 2015, Mongstad?

– Vi ser veldig fram til å få gjort noko med skulebygget, spesielt utvendig. Det ser ikkje fint ut. Det å få gjort noko med fasaden har stått på kommunen sine planar i fleire år. Vi har gjort ganske mykje innvendig på ein del rom. Skulen ser veldig mykje finare ut innvendig enn han gjer utvendig, seier Mongstad. Ho fortel av at det er sett av midlar til å gjere noko med ungdomsskulen. Det blir vurdert om ein skal byggje nytt eller renovere eksisterande bygg.

Lang fartstid i politikken

Gunn Mongstad har lang fartstid som politikar. Ho var mellom anna ordførar i Solund frå 2003 til 2011, har vore nestleiar i Sogn og Fjordane Senterparti og er no inne i sin andre periode i fylkestinget. Etter at sitjande ordførar Ole Gunnar Krakhellen frå Høgre ikkje tek attval, blir Mongstad sett på som favoritten til å overta ordførarklubba.

Støttar Mongstad

Arbeidarpartiet sin listetopp, Tom Færøy, er ikkje sjølv ordførarkandidat. Han har ikkje problem med å støtte Gunn Mongstad.

– Ho er ein dyktig person som vi samarbeider godt med. Skulle ho bli ordførar, vil det vere bra for kommunen, seier han.

Gunn Åmdal Mongstad og Tom Færøy

GODT KLIMA: Gunn Mongstad (Sp) og Tom Færøy (Ap) samarbeider godt. Færøy har tru på Mongstad som ordførar.

Foto: Bård Siem / NRK

Vil stå åleine

Færøy er samd i at Solund bør halde fram som eigen kommune.

– Vi kjem ikkje vekk frå at Solund ligg slik til på kartet at det tek lang tid til å kome seg til ein annan stad. Sett i det lyset bør Solund vere sjølvstendig kommune også i framtida, seier han.

Den tidlegare fylkespolitikaren Anne Grete Furrevik er ordførarkandidat for SV. Høgre sin listetopp, Svein Jardar Utvær, er ikkje ordførarkandidat.