Hopp til innhold

Berga skiløparar i natt

Etter i sur natt i fjellet blei 11 skiløparar i dag tidleg berga av Røde Kors frå Lærdal.

Øyvind Aarethun Lysne

Øyvind Aarethun Lysne er operativ leiar i Lærdal Røde Kors Hjelpekorps.

Foto: Privat

– Dei 11 hadde gjort alt rett og grov seg ned, men dei hadde nok hatt ei sur og kald natt , fortel Øyvind Aarethun Lysne, som er operativ leiar Lærdal Røde Kors.

Turfølget skulle etter planen ha gått frå Breistølen til Bjordalsbu, ein tur som vanlegvis tar om lag 4 timar. Turfølget blei sett då dei gjekk av bussen på Breistølen klokka 14. 30 laurdag, og blei meldt sakna då like før klokka 20, då dei ikkje var komne fram til Bjordalsbu.

Frykta det verste

Kraftig vind og dårleg sikt gjorde til at bergingsmannskap ikkje tok sjansen på å starte leitinga etter dei sakna før sundag morgon. Aarethun Lysne seier dei ei stund frykta det verste.

– Vi bur oss jo på det verst tenkeleg, vi visste jo ikkje kor fjellvande dei var eller kor god utrusta dei var.

Men i løpet av natt endre vêret seg til det betre og klokka 0630 kom hyttevakta på Bjordalsbufram til skiløparane, og litt seinare også mannskapet frå Røde Kors .

– Dei hadde følgt fjellvettsreglane og grave seg ned, men det hadde vore full storm der opp så det hadde vore ei kald natt for dei.

Fint turområde

Turen som dei 11 la ut går langa ei merka løypa, og tar vanlegvis kring fire timar.

– Det er eigentleg eit fint terreng å gå i.

Men laurdag synte naturen seg frå si verste side, også i dag tidleg var forholda vanskelege sjølv om vêret hadde letta.

– Det var tungt snøskuterføre, med mykje laussnø, og vanskelege køyreforhold.

Aarethun Lysne har ei oppmoding til all som no gjer seg klare for påskefjellet.

– Sjekk vêr og vêrmeldingar og følg fjellvettsreglane.