Hopp til innhold

Berga lamma til ordføraren etter meir enn 200 timar med leiting

Den spreke pensjonisten Torodd Kvam frå Sogndal har leita etter lamma i heile haust. I helga fekk han og saueeigar Ivar Kvalen løn for strevet.

Torodd Kvam

BERGINGSMANN: Torodd Kvam har fått kontroll på dei to sakna lamma.

Foto: Privat foto

– Eg har brukt minst 20 dagsverk sidan tidleg i haust, seier Kvam til Sogn Avis.

Til NRK.no fortel han at han saman med Sverre Bruheim går mykje i fjellet og leitar etter sau.

Dottera til Bruheim er sauebonde på indre Hafslo. På ein av turane - i oktober - såg dei lamma som tilhøyrer ordføraren i Luster, Ivar Kvalen.

– Kvalen har leita mykje sjølv

– Eg veit at Kvalen har leita mykje. No dei siste 14 dagane har eg vore inne seks-sju turar i området utan å sjå lamma. På laurdag kveld avtalte vi at vi skulle vere ein gjeng som skulle inn og leite på nytt, seier Kvam.

– Det hadde kome mykje snø, så vi brøyta oss fram i 70-80 cm med nysnø utan å sjå noko til dyra. Vi var i ferd med å gi opp, trass i at vi visste dei var i området. Då fekk vi tilfeldigvis auge på dei i utkanten av eit granfelt, under eit grantre.

(Artikkelen held fram under biletet)

Torodd Kvam og Ivar Kvalen

To nøgde saueleitarar: Torodd Kvam og Ivar Kvalen.

Foto: Privat foto

– Meir enn 200 arbeidstimar

– Dei skvatt fram, og det vart mykje basking før vi fekk tak i dei, men då vi hadde fått dei ned til bilen var vi gilde både Kvalen og eg.

– Vi kjende at vi hadde lagt ned så stor innsats, totalt er det brukt meir enn 200 arbeidstimar på leiting etter lamma. Hadde alle bøndene vore like ivrige på å få nedatt sauene sine så hadde det vore flott.

Måkar snø for eldre

– Du er pensjonist no, er det slikt du likar å bruke tid og krefter på?

– Ja, det er det. Og no om vinteren måkar eg snø hjå mange eldre. Det er veldig kjekt, ikkje berre snømåkinga, men eg får den gode praten, eg blir alltid beden inn på kaffi.

– Og når eg nesten ser tårer i augene på dei gamle fordi dei er så glade for at nokon hjelper dei så er det kjekt for meg.