Hopp til innhold

Florø Sportsklubb har Adeccoligaen som mål - ber spelarane utsette utdanning

Leiinga i Florø Sportsklubb ber spelarane sine om å vente med å reise vekk for å ta utdanning. Årsaka er at klubben har planar om å rykke opp i landets nest øvste fotballdivisjon i 2016.

Florø-spelarane feirar.

FEIRAR OPPRYKK: Florø-spelarane jublar for opprykk til 2. divisjon. No blir dei bedne om å vente med å reise frå Florø for å ta utdanning.

Foto: Truls Kleiven

Trenar Terje Rognsø seier til avisa Firda at dei har ein intern treårsplan dei kallar Adecco 2016. For å nå det målet treng klubben dei fleste av dei spelarane som sidan smågutealder har vore med på å spele laget opp på det nivået det no er på.

– Vi vil at spelarane skal sette utdanninga på vent fordi vi ynskjer at dei ikkje reiser vekk. Men dei kan sjølvsagt ta ei form for utdanning her i regionen, seier Rognsø.

Terje Rognsø

AMBISJONAR: Trenar Terje Rognsø har som mål at Florø skal spele i Adeccoligaen i 2016.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Heilt unike spelarar

Rogsnø fortel til Firda at dei har hatt samtalar med kvar einskild spelar.

– Vi ynskjer at fotballen skal vere første prioritet. Vi har ein gjeng spelarar som er heilt unike. Eg trur ikkje det har vore noko liknande kull i fylket sidan Sogndal tok steget opp på 1970-talet.

No ynskjer Florø Sportsklubb hjelp frå sponsorar og næringslivet for å kunne finansiere ei slik satsing.