Tjuveriet vart oppdaga i føremiddag og er det er tydeleg at nokon har brukt både tid og krefter på jobben.
Bompengekassen står plassert ved bomvegen som går til Tungestølen i Luster og kassen skal ha vore godt festa. Den eller dei som har reist med kassen og innhaldet må ha brukt verkty, opplyser politiet.
Politiet er interesserte i tips i saka og ber folk om å ta kontakt på telefon 02800.
På generelt grunnlag ber politiet om at dei som har slike sjølvbetente bomvegkasser tømmer dei ofte.