Hopp til innhold

Ber lokalpolitikarane skjerpe seg om dei vil ha stamvegen over Hemsedalsfjellet

FØRDE (NRK): Stortingsrepresentantar frå Sogn og Fjordane ber politikarar og næringsliv presse på mot Stortinget for Hemsedal som stamveg aust-vest, for elles er dei redd bergensarane og Hardangervidda vinn.

Hemsedalsfjellet

VIL HA NY VEG: Stortingspolitikarane frå Sogn og Fjordane vil ha vegen over Hemsedalsfjellet som ny stamveg.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– Det er heilt klart at vi er nøydde til å vere offensive viss vi skal ha moglegheit til å stå imot det som kjem frå Hordaland si side, for der jobbar sterke aktørar for Hardangervidda, seier stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane Høgre, Bjørn Lødemel.

I januar kom vegvesenet sin rapport, som synte at dei vil gå for Haukeli og Hemsedal som stamvegar og hovudfartsårer aust-vest i framtida. På lang sikt legg vegvesenet opp til både bru mellom Mannheller og Fodnes, og tunnel under Hemsedalsfjellet.

NHO fryktar Hemsedal kan gleppe

Men det endeleg valet skal Stortinget ta, og allereie same dag som vegvesenet hadde peika på Hemsedal varsla Bergen næringsråd omkamp.

NHO-direktør Jan Alte Stang er redd for at Hardangervidda kan vinne kampen mot Hemsedalsfjellet.

– Hordaland køyrer eit beinhardt løp. Så viss ikkje vi er på alerten, vil vi stå mykje svakare. Viss vi legg oss bakpå, kan vi gleppe, seier han.

Stortingsbenken utan Navarsete

STORTINGS-TRIO: F.v. Ingrid Heggø (Ap), Sveinung Rotevatn (V) og Bjørn Lødemel (H).

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Bergensarane er flinkare

Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Ap, Ingrid Heggø, ber politikarar og næringsliv i Sogn og Fjordane om å skjerpe seg.

– Vi må fokusere på at to stamvegar ikkje kan gå parallelt veldig langt sør. Vi må få avstand mellom dei. Men eg meiner vi må ha betre og meir trykk framover frå Sogn og Fjordane. Vi må vere litt meir på hogget og ikkje berre sitte å vente på at ting skal skje.

– Er bergensarane flinkare?

– Ja, dei er flinkare. Dei er oftare på Stortinget, dei brukar meir lobby, dei er der veldig ofte, sender oss innspel og spør om tilbakemeldingar. Dei er mykje meir på, faktisk, seier Heggø.

Vil byggje alliansar i nord

Verken Heggø eller Lødemel trur Hemsedal er i ferd med å gleppe, men Lødemel seier det blir eit tøft løp som krev samarbeid nordover.

– Det er viktig at vi byggjer alliansar og ser lina heilt frå Ålesund, via E39, via bru Mannheller-Fodnes til Hemsedal, og vidare mot Oslo.

– Er de avhengige av å ha Sunnmøre med på laget?

– Eg trur det er viktig at vi gjer det, og at vi byggjer breie alliansar. Vi er nøydde til å kjempe frå dag ein for at det skal bli Hemsedal. For mange jobbar for at det skal bli Hardangervidda, seier Lødemel.