Hopp til innhold

Ber folk syne varsemd - stor fare for snøskred

Snøskredvarslinga ber folk syne varsemd. Mildvêr, mykje regn og høgare temperaturar gir svært høg snøskredfare søndag og måndag.

Snøskred

DÅRLEG STABILITET: Snøskred oppstår når vind, temperatur og nedbør virkar på eit snødekke slik at snøen ikkje klarar å halde seg i hop.

Foto: NGI

– Søndag ettermiddag kjem det inn ein varmfront og temperaturen vil gå ein del opp. Søndag kveld og natt til måndag kjem det til å regne høgt opp, og det gjer at vi set snøskredvarselet til fire, det høgste vi har, seier skredvarslar Birgit Rustad i Skredvarslinga.

Varselgrad fire betyr at ein ikkje tilrår ferdsle i skredterreng. Det er venta skred som løysnar av seg sjølv, og turgåarar vert bedde om å unngå løsne- og utløpsområde.

Varslar skredfare i tre fylke

– Varselet gjeld for både Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Særleg i kyststrøk og i vestlege område vert skredfaren stor, seier Rustad.

Skredvarslinga er førebels usikre på om region Sogn får faregrad fire, men også her er det snøskredfare, om enn ikkje så stor som i resten av Sogn og Fjordane.

Snøskredvarsler Birgit Rustad

TA OMSYN: Snøskredvarslar Birgit Rustad i Snøskredvarslinga ber folk ta forholdsreglar.

– Det er meldt opp til 45 millimeter nedbør søndag, og når det kjem som regn, så gjer det noko med snøen som allereie ligg der, seier Rustad.

Blir svært ustabil

Mange stadar har det komme mykje snø i løpet av kort tid. Når temperaturen stig og det kjem nedbør i form av regn, vert snøen svært ustabil.

– Det er grunn til å syne varsemd. Einskilde stadar har dei fått så mykje som ein meter snø på svært kort tid, seier Rustad.