Hopp til innhold

Ber folk plukke med seg jerveskit

Jerveskit er svært viktig i arbeidet med å overvake bestanden av jerv i Norge. No blir folk flest bedne om å plukke med seg skit som dei finn i fjellet.

Jervskit

SKIT: Folk som ferdast i fjellet blir bedne om å plukke med seg jerveskit. Slik kan dei bidra til at informasjonen om kor mange og kor det er jerv i Norge blir endå betre.

Foto: Vegar Pedersen/SNO

– Om folk kjem over jerveskit når dei er ute å går, så ønskjer vi at dei plukkar den opp ved å ta den i ein plastpose og levere den inn til Statens Naturoppsyn.

Denne enkle oppmodinga kjem frå Morten Kjørstad som er leiar i Rovdata.

Rovdata har ansvaret for overvakinga av jerv i Norge, og kvart år blir det lagt ned eit nitid arbeid for å finne ut kor mange jerv det er, og kor i landet dei er.

– Mange veit ikkje korleis vi faktisk jobbar for å overvake bestanden. DNA-analysar av skit er ein viktig del av arbeidet, og med ei slik oppmoding håpar vi å få inn fleire prøver, seier Kjørstad.

Meir skit kan gi betre informasjon

Jerv er for bøndene eit frykta rovdyr. Mange bønder landet rundt har opp gjennom åra opplevd å miste husdyr på beite til jerven.

Kvart einaste år plukkar Statens naturoppsyn sine menn og kvinner med seg skit og hår frå jerv som dei finn i fjellet. Desse blir analysert for DNA, og saman med registrering av jervekull gir det bakgrunn for å seie noko om kor stor jervebestanden er og kor jerven held seg.

– Vårt ansvar er å ha så god oversikt over jervebestanden som mogleg. DNA-analysar av skit og hår er den viktigaste metoden i dagens overvaking.

– Og jo meir skit vi får inn til DNA-analysar jo betre tal og data får vi på kor det er jerv og kor mange det er, seier leiar Morten Kjørstad.

(Artikkelen held fram under)

Jervespor

JERVESPOR: Ser du spor etter jerv og finn skit i nærleiken ber Rovdata deg om å plukke den med deg.

Foto: Magne Aasheim/SNO

Ber folk flest om hjelp

Årets DNA-analysar tyder på ein nedgang i jervebestanden i Norge frå i fjor til i år. Dei ferske tala viser at det ut frå DNA-analysane er identifisert 317 forskjellige jervar innanfor landet grenser. Dette er 69 færre enn i fjor, skriv Rovdata på sine heimesider.

Ved å analysere jerveskit kan Rovdata mellom anna finne ut kva individ den stammar frå, om jerven er kjent frå tidlegare, kor jerven er og kven den er i familie med.

I håp om å få endå betre grunnlag for sine analysar ber Rovdata no folk flest om hjelp.

– Vi ventar ikkje at folk skal bruke mykje tid på dette, men om folk likevel er ute i fjellet og kjem over jervespor og skit så kan folk ta vare på den, seier Kjørstad.

– Ikkje ta direkte på skiten

Morten Kjørstad

VIKTIG: DNA-analysar av skit og hår frå jerv er svært viktig for å overvake bestanden, seier Morten Kjørstad som er leiar i Rovdata.

Foto: Rovdata

Det er ikkje spesielt enkelt å skilje jerveskit frå andre dyr sine ekskrementar, og Kjørstad seier det enklaste for folk er å plukke skit som dei finn saman med jervespor i snøen.

– Mange synest det er interessant å følgje jervespor, og viss ein gjer det og finn skit er ein ganske trygg på at det er nettopp jerveskit, seier han.

Utanpå jerveskiten er det celler frå tarmen, og i desse er det arvestoff som er unike for kvart dyr. For at prøvene ikkje skal bli forureina er det viktig at folk handterer skiten på rett måte, ber Kjørstad.

– Når ein driv med DNA-analysar er det alltid viktig at prøva ikkje blir forureina med anna DNA. Det er til dømes viktig at det ikkje kjem menneske-DNA på skiten, så folk må ikkje ta direkte på den, men bruke ein pose for å plukke den opp med.

Skiten som folk plukkar med seg må merkast med namn og adresse på den som har funne den, dato for kor tid skiten er funnen, funnstad, kva kommune og gjerne kartreferanse.

Kjørstad ber folk ta kontakt med det næraste kontoret til Statens Naturoppsyn, og så vil dei sende prøvene vidare til Rovdata for analysar.

– Om folk hjelper oss med dette får vi endå betre data og kan vere endå meir nøyaktige på kor vi har jerv og kor mange individ det er, seier Kjørstad.