Hopp til innhold

«Risikoen er stor for å døy viss du ramlar utfor her»

At folk tek seg opp på taket av Førde rådhus og lenar seg over kanten på det 15 meter høge bygget, likar både lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde og prosjektleiar i Førde kommune, Fredrik Frøyland, dårleg.

Frøyland og Tvinde

LUFTIG: Prosjektleiar i Førde kommune, f.v. Fredrik Frøyland og lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, vil ikkje ha folk oppe på taket av Førde rådhus.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Når ein ser på kor høgt det er ned her, så er dette ein farleg plass å ta seg ut. Det bør ikkje folk gjere, seier Tvinde, medan han ser på Førde frå taket av rådhuset.

Utsikta på ein finvêrsdag er upåklageleg. Men dette er slett ikkje ein stad der korkje kommunen eller politiet vil ha folk ravande rundt. Spesielt ikkje i rusa tilstand.

Politiet måtte få dei ned

Onsdag kveld vart to jenter observerte springande rundt på taket på rådhuset i Førde. Med 15 meter rett ned, låg dei to mellom anna på kanten av huset og kikka ned.

To polititenestemenn måtte til slutt komme til staden for å få jentene ned, og begge fekk munnleg pålegg for å ha teke seg opp på taket av rådhuset.

Tvinde er klokkeklar på at ein augneblink med manglande merksemd kan få fatale konsekvensar.

– Risikoen for å omkomme viss ein fell utfor taket her, dei er store, seier Tvinde.

Det er ei oppfatning prosjektleiar Fredrik Frøyland i Førde kommune deler.

– Det er heilt uansvarleg å springe rundt her. Det er drygt at nokon kan finne på det. Dett du ned frå denne høgda, så er du bortimot sikker på å omkomme, seier Frøyland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dansa på rådhustaket

SPANKULERTE: Desse to jentene suste rundt på rådhustaket onsdag kveld, medan dei kasta ølboksar ned på bakken og bøygde seg over kanten med 15 meter fritt fall rett ned.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Spaserte rett opp rømmingstrappa

– Jentene har komme seg opp via rømmingstrappa som går midt inne i det opne rommet i bygget opp til fjerde etasje. Så har dei klatra over eit rekkverk og inn på taket, fortel Frøyland.

Så har dei gått opp ei ikkje stengd rømingstrapp, før dei vart observerte av forbipasserande som såg dei springe rundt på taket.

Ein reknar om lag tre meter høgde per etasje, og det vil seie at det var 15 meter rett ned til asfalten der jentene lente seg over kanten av bygget.

Kanten på taket av rådhuset er ikkje noko stengsel i seg sjølv, då taket ikkje er laga for å bli trafikkert.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trappa

GÅR OPP: Denne trappa går opp til fjerde etasje. Heilt øvst skal det berre eit lite klyv til før ein er ute på taket.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Vil ikkje skjemme ut bygget med eit gjerde

Frå hovudrømningstrappa er det berre eit lite gelender og ein låg kant som hindrar nokon frå å gå ut på taket i fjerde etasje.

– Ein treng ikkje vere korkje sprek eller spretten for å komme seg over dette stengselet. Har ein ikkje tenkt på moglegheita for at dette kunne skje då ein bygde bygget?

– Dette har vi tenkt på, og vi har vurdert det fleire gonger. Men vi har komme til at det krev ei aktiv handling for å komme ut på taket, og vi ønskjer av arkitektoniske årsaker ikkje å skjemme ut bygg og konstruksjon med eit gjerde, seier Frøyland.

Rådhuset ligg i sentrum av Førde, og har serveringsstadar like ved. At fleire kan komme på liknande idear, ser ikkje Tvinde vekk frå. Men han likar det ikkje.

– Det er fullt mogleg at dette kan gjenta seg, i og med at det er ein høvesvis lett hindring å forsere for å komme seg ut på taket. Men det vil vi helst ikkje, seier Tvinde.

Han er usikker på om politiet har moglegheit til å påleggje kommunen å sikre taket betre, dersom det skulle skje fleire episodar.

– Så godt kjenner ikkje eg bygningsforskriftene. Men eg trur kommunen er interessert i å hindre dette sjølv, så dei finn nok gode tiltak, seier Tvinde.

(Artikkelen held fram under biletet)

På taket av Førde rådhus

LANGT NED: Korkje lensmann Jan Egil Tvinde (f.v.) eller prosjektleiar i Førde kommune, Fredrik Frøyland, har lite sans for at nokon lenar seg utfor denne kanten, med 15 meter rett ned.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ber folk halde seg på bakken

Mai månad er rett rundt hjørnet, og med den russetid og mykje alkohol i kombinasjon med feststemt ungdom. Lensmannen har ei klar oppmoding til ungdommen:

– Ikkje gå opp i høgda, og det gjeld anten du er edru eller ikkje. Eg reknar også med at kommunen også vil halde eit ekstra auge med dette, etter det som har vore. Det er klart at dette fort kan bli eit ynda mål i mai, seier Tvinde.

Frøyland er klar på at viss situasjonen skulle utarte, må ein sjå om på om ein må stengje tilkomsten likevel.

– Vi har ikkje vurdert det fullt ut. Men er det eit stort problem, så må vi gjere eit eller anna tiltak. Vi ønskjer jo ikkje å ha folk på taket, seier Frøyland.

Han peikar på at i tillegg til at det er farleg å opphalde seg på taket, spesielt dersom ein ikkje er edru, eller av andre årsaker er høgt oppe, så er ikkje taket bygd for stor trafikk.

– Det er fort gjort å øydeleggje taket, og det vil føre til lekkasjar, seier Frøyland.